15. jun, 2017

God helg!

Det er torsdag. Eg er ferdig med denne arbeidsveka. Fredag er fridag for meg, og det betyr at eg har tatt helg. Det har vore ei forholdsvis god veke. Med tanke på smertetilstanden min, har det vore ei av dei betre vekene. Smertenivået har vore lågt nok til at eg har greidd å gjennomføre arbeidsveka mi slik som eg skal. Det gjer meg glad. Med kroniske og uforutsigbare helseutfordringar kan det som for andre er heilt vanleg og kvardagsleg, vere ein siger. Ein personleg siger. Eit mål som er nådd.

Eg har nådd det målet eg sette meg på søndag. Målet mitt var å kunne gjennomføre veka som eg skal. Det har eg fått til. Det har kosta meg ein del. No kjem smertene, og dei ligg på eit ganske høgt nivå i intensitet. Litt skuffa over at det skjer, men samstundes er eg glad for at eg greidde å nå målet mitt for denne veka. 

God helg!