14. jun, 2017

Eg skal la negative og irrasjonelle tankar få sleppe til.

"Tenk positive tanker, si positive ord, gjør positive handlinger og det positive gror." Eg skal ikkje motstride desse orda. Eg veit at det er noko i dette. Eg veit at det kan fungere. MEN! Eg meiner at det er lov til å bryte denne leveregelen også. Det er lov til å ikkje vere positiv heile tida. I dag skal eg skrive om akkurat det. Eg skal skrive om frustrasjon. Min frustrasjon. Eg skal la negative og irrasjonelle tankar få sleppe til. Og eg skal skrive om dei.

 

 

Som eg skriv i presentasjonen av heimesida mi, så vart eg ramma av min første alvorlege depresjon då eg var 28 år. Det var i 1996. Det er 21 år sidan. Psykiske helseplager har prega livet mitt i store delar av tida i desse åra. Graden av vanskar og lidelsestrykk har vore varierande. Det har ikkje vore berre tungt og mørkt. Men dei psykiske plagene og utfordringane har hatt innverknad og prega nesten heile mitt vaksne liv.

Med god hjelp og støtte på ulike plan, har eg etterkvart nådd fram til ein stad på livesvegen min der dei psykiske plagene og utfordringane ikkje pregar livet mitt så mykje som før. Eg har gjort erfaringar. Eg har lært. Eg har blitt betre kjend med det som er mine plager og utfordringar, og eg har blitt betre kjend med meg sjølv. Eg forstår meir. Eg aksepterer meir. Og eg har lært metodar og strategiar som hjelper meg. Ting Tar Tid. Ja...for meg har det tatt tid. Lang tid. Men eg kom til slutt fram til ein stad på livsvegen min der eg har meir kontroll over psykiske plager og utfordringar. Eg har utvikla meg. Eg har meir aksept og tryggleik i meg sjølv.

Og så; "Bang!" Eg hadde knapt fått tid til å forstå at eg hadde fått eit betre liv, før eg vart ramma av ein fysisk smertetilstand. Ein smertetilstand som i stor grad pregar livet mitt.

Eg har behov for å la negative og irrasjonelle tankar sleppe til. Av og til kjenner eg at eg har behov for det. Eg har tankar som seier at livet behandler meg dårlig. Eg har tankar som seier at når eg endelig har det betre psykisk, så slenger livet på meg noko anna som gjer dagane krevande for meg. Eg har tankar som seier at livet er urettferdig. Eg har tankar som stiller spørsmål; kvifor måtte dette komme? Kvifor måtte dette ramme meg no? Eg har mista så mykje tid på grunn av psykisk sjukdom. Eg vil ikkje miste meir tid. Eg skulle jo endelig begynne å leve no. Eg skulle begynne å ta for meg av det som er å finne langs vegen vidare. Men neida. Livet hadde andre planer for meg. Livet gav meg nye plager og utfordringar.

Negative tankar. Irrasjonelle tankar. Ja, eg veit. Men av og til treng eg å sleppe dei til. Og no kan eg det. Eg tør å la dei få litt plass av og til. Eg tør å kjenne på frustrasjon og fortviling av og til. Eg kan det no, utan å "gå heilt i kjellaren." Eg veit at eg kan seie STOPP før det går så langt. Eg veit at eg kan greie å stoppe, snu meg og finne vegen opp igjen.

Det eg har lært om å håndtere dei psykiske plagene og utfordringane mine, kan eg også bruke for å tåle den fysiske smertetilstanden betre. Eg kan ikkje fjerne smertene, men eg kan bruke det eg har av kunnskap og tyngde i mental jobbing til å tåle dei betre.