7. jun, 2017

Dei små, gode stundene er der. Og dei er så verdifulle

"Livet e'kje akkurat eit ball".... Men eg prøver å ta vare på dei små, gode stundene. Samle på dei og berre vere i dei der og då. For dei er der. Eg må berre vere open for å sjå dei.

Når ein har oppleving av at livet er ein motbakke, er dei små, gode stundene viktige. Dei er som små pustepausar i den bratte bakken. Det kan vere vanskeleg å legge merke til dei når ein strevar seg oppover i motbakken sin. Men dei er der. Utfordringa er å legge merke til dei. Når livet går i motbakke og det er tungt og krevande å gå, er det veldig lett for å ha fokus på kor lang og bratt bakken er. Ein ønskjer så inderleg at den snart skal ta slutt og at ein kjem til eit vegparti som er lettare å gå på. Men dersom ein kan lære seg å legge merke til det som finnes av små, gode stunder i motbakken sin, blir dei negative tankane om kor langt og bratt det er forstyrra. Dei må vike litt unna for å gje plass til tankar rundt dei små, gode stundene. Det handler om å flytte fokus. Få avledning. Få ein pustepause.

Legge merke til små, gode stunder. Ta vare på dei. Samle på dei. Det gjev påfyll. Påfyll av håp. Påfyll av mot. Påfyll av krefter til å gå vidare.

Dei små, gode stundene er der, og dei er verdifulle.