3. jun, 2017

Hald fast på det positive som er lagra i minnebanken

Den første laurdagen i juni 2017 har blitt til kveld. Snart er den over. Denne dagen vart annleis enn det eg trudde då eg vakna for mange timar sidan. Det vart ein langt meir innhaldsrik dag enn det eg såg for meg. 

 

 

Det er rart med det, korleis ein kan greie å presse seg til noko når ein kjenner at kroppen protesterer og smertene bankar. Det er rart med det, korleis ein kan heve seg over dei smertene ein kjenner og vere til stede i den situasjonen ein har pressa seg til. Og ikkje berre vere til stede, men også ha det fint og oppleve det som positivt trass i smertene. 

Det kostar. Det kostar dyrt. Eg må betale med enno sterkare smerter. Eg må betale med overveldande trøtthet og utmatting. Det visste eg på førehand. Og eg fekk ingen overraskingar. Det er akkurat slik det er no, når den fine og innhaldsrike dagen har gått inn i kvelden. Sterke smerter. Eg konsentrerer meg om å tåle dei, halde dei ut. Fortvila. Frustrert. Dei kjenslene kjem. Eg var ikkje uførebudd på det. Men når eg lukker augene i konsentrasjon for å handtere smertene, får eg også fram bilete frå denne dagen . Minnet mitt har lagra det fine og positive. Mi utfordring og min jobb blir då å halde fast på desse minnebileta. Halde fast, og hugse at det var fint og positivt.

Smerter. Overveldande trøtthet og utmatting. Ja. Det har kosta meg dyrt. Men med det som eg har fått med i minnebanken min, var det kanskje verdt det likevel....(?) Kul