30. mai, 2017

Innsikt og kunnskap, men ikkje krefter til å bruke det

Å ha innsikt i eigen situasjon, eigen sjukdom, er bra. Det er bra, det er viktig og det er naudsynt for betringsprosess. Med psykiske lidingar som angst og depresjon, er det særskilt viktig. Å bli kjend med kjenslene sine, vite kva som er angsten eller depresjonen sitt vesen, vite kva som er symptom og kva som er realitet, vite at det er mogleg å gjere noko for å dempe symptoma og komme seg gjennom det. Kunnskap, erfaring og innsikt - det er ein del av betringsprosessen.

Av og til kan innsikt gje bekymring. Å legge merke til teikn, signal, symptom. Kjenne det igjen frå tidlegare -  skuffelse, redsel for tilbakefall, negative tankar. Å ha innsikt i kva teikn, signal og symptom betyr, vite og forstå kva som skjer, vite kva som skal til for å hindre forverring og tilbakefall - men likevel bli litt fanga i dei signala og symptoma som har byrja å komme....Det genererer fleire negative tankar. Sjølvkritisk, nedvurderer seg sjølv, kjensle av å ikkje mestre. Depresjonens vesen er jo nettopp slik. Å ha innsikt i at det er slik det er kan gje ei forsterking av depressive symptom, fordi det kan opplevast som at ein får dobbel dose av dei negative og depressive tankane. Innsikt, erfaring og kunnskap er der, men ein har ikkje krefter til å bruke det. Det kan kjennast som eit nederlag. Nederlagskjensle blir til sjølvkritikk og nedvurdering av seg sjølv - ein ond sirkel. 

Innsikt og kunnskap kombinert med symptom på forverring, kan kjennast som stein til byrden.

Innsikt og kunnskap, men ikkje krefter til å bruke det. Som han Ludvig i filmen "Flåklypa Grand Prix" sa; "Det er fa'li det." Eller; det kan bli farlig. Lett er det i alle fall ikkje. Det krever knallhard mental jobbing.