28. mai, 2017

Eg kan ikkje gjere noko meir enn å prøve meg fram.

Eg våknar. Det er søndag morgon. Eg har sove i sju timar. Eg er like trøtt som då eg låg meg til å sove i går kveld. Medisinar. Biverknader. Alltid trøtt. Aldri kjensle av å vere utkvilt.

Eg har ei liste over ting eg vil gjere i dag. Ikkje ei lang liste. Den er kort. Nokre få punkt. Det er vanskeleg å komme i gang med dagen når augene helst vil lukke seg, kroppen vil inn i søvnen igjen. Timane går. Morgon vert til formiddag. Eg vert frustrert. Eg vert sint. "Berre gjer det!" Og eg prøver. Eg byrjar på lista over gjeremål. Det går ikkje. Kroppen vil ikkje. Eg må finne vegen attende til stolen. Lene meg bakover i den. Kroppen vil ikkje fungere. Den vil ikkje vere oppreist og i aktivitet. Eg har ikkje noko valg. Om eg ikkje vil at kroppen skal kollapse, så har eg ikkje noko anna valg enn å setje meg ned, lene meg bakover i stolen og vere i ro. I alle fall ei stund til. Kanskje det blir betre. Eg kan gjere eit nytt forsøk om ei stund. Kanskje det går betre då. Det kan også hende at resultatet av forsøket blir det same som den første gongen. 

Eg kan ikkje gjere noko meir enn å prøve meg fram. Det eg får gjort det får eg gjort, og det eg ikkje får gjort det får eg ikkje gjort. Slik er det. Slik har eg det. Slik er det å vere meg. Frustrerande, og slett ikkje bra for den psykiske helsa mi. Men det er som det er. Kroppen seier i frå når det er noko den ikkje greier. Eg kan ikkje gjere noko meir enn å prøve meg fram. Gjere eit nytt forsøk. Igjen og igjen.