24. mai, 2017

Smil. Kvifor? Fordi du kan.

"Fremdeles er det slik at over alle barrierer; geografiske, etniske, språklige, religiøse, så er det fortsatt kun én eneste ting som øyeblikkelig blir forstått og aldri misforstått oss mennesker imellom, nemlig et åpent, vennlig smil." 

-Arthur Arntzen  

Eg synes dette er så godt sagt. Dei aller fleste av oss er i stand til å smile uansett korleis me har det. Så lenge muskulatur og nerver til ansiktet  fungerer som det skal,  kan me smile. Me har alle dagar der me ikkje føler for å smile.  Og det er greitt. Det er lov å ha dårlege dagar og det er lov å vise andre at me har det. Me skal ikkje måtte vere skuespelar i eige liv og  alltid  ha rollen som  fornøgd og glad. Men likevel...... eit smil, eit lite  og venleg smil, det kan utgjere ein forskjell.  Min påstand er at dersom du på ein dårleg dag kan "ta på" eit smil, smile til eit anna menneske og få eit smil tilbake, vil du kjenne  at det gjer noko med deg. Du vil kjenne at det har positiv verknad på kjenslene dine. Kanskje berre eit lite glimt av ei god kjensle, men eit lite glimt er jo betre enn ikkje noko glimt. Og kanskje - for nokre av oss - kan det å gje og få tilbake eit smil, utgjere ein større forskjell. Kanskje kan akkurat DET vesle glimtet av ei god kjensle vere nok til å vekke opp meir av dei gode kjenslene.  

Å gje eit smil og få eit smil tilbake kan utgjere ein forskjell. Det påstår eg. Og det er ein påstand bygd på eigen erfaring.  Smil mellom menneske kan gjere ein dårleg dag betre. Det kan gjere ein dårleg dag god.

Tenk på det; at DU med DITT smil kan få nokon andre til å føle seg betre og samstundes får du gevinst av det sjølv også.  Tenk så fint!  Eitt lite, venleg smil. Å gje og få tilbake. Vinn-Vinn!