20. mai, 2017

Det er ein av dei dagane.....

Det er ein av dei dagane.... eg må erkjenne at eg ikkje kan gjere det eg har mest lyst til. Eg kan ikkje, fordi eg ikkje greier det. Det er helseutfordringar som stoppar meg. Det gjer noko med sinnsstemningen min. Eg kjenner at det gjer meg nedstemt. Men eg kjenner også kroppslege plager. Og dei er av ein slik art at eg ikkje greier å gjere det eg har mest lyst til. Det må eg berre erkjenne.

Å erkjenne det, er èin ting. Men for å få ro og kontroll over tankar som gjer meg nedtemt, må eg akseptere det også. Dersom eg kan akseptere at det er som det er, kan eg få plass i tankane til å ha fokus på å gjere det som er bra for dei helseplagene eg kjenner på i dag.

Javel - eg taper kanskje ein dag med lystbetont aktivitet. Men så veit eg jo så veldig godt at å presse meg sjølv i desse plagene, kan føre til at eg taper fleire dagar framover.

Erkjenn. Aksepter. Gjer det som er nødvendig for dempe plagene. Ver snill med deg sjølv. 

Og denne dagen har mange timar igjen. Kanskje...kanskje blir det slik at eg får gjere litt av det eg mest lyst til seinare i dag SmilerOm ikkje, så kjem det fleire dagar. Det kjem fleire dagar, og mange av dei vil vere mykje betre. Eg veit jo det!