17. mai, 2017

Eg er takksam og glad for at Noreg er mitt land.

17. mai. Grunnlovsdag. Nasjonaldag. Noreg sin dag. Me feirer at Noreg fekk sjølvstende og eigen grunnlov.

Eg har enno litt igjen før eg fyller 50 år, men kanskje har det med alder å gjere likevel; eg vert meir og meir oppteken av historie, Noreg sin historie og Noreg sin plass i verda. Eg tenker på forgjengarane våre, dei som har kjempa for landet vårt, gjort uvurderleg innsats i krig, alle som har kjempa for at Noreg skulle vera eit land med fred og fridom. Eg vert meir og meir takksam og audmjuk. Me er heldige som får bu og leve i Noreg. Me har fridom. Me har fred. Me har ein fantastisk natur rundt oss. Eg er takksam og glad for at Noreg er mitt land. Eg er takksam og glad for at mitt land ikkje er i krig. 

Det er så mange der ute i verda som ikkje har det slik som oss i Noreg. Det er så mange der ute i verda som opplever krig og naud. Dei lever under forhold som er så ekstreme at det nesten ikkje er til å fatte. 

17. mai. Grunnlovsdag. Nasjonaldag. Noreg sin dag. Me feirer sjølvstende, fridom og fred. Me er heldige. Me må vere takksame for at forgjengarane våre har kjempa seg fram til at me i dag kan feire sjølvstende, fridom og fred.

Til lukka med dagen!