14. mai, 2017

Livets Lykkehjul

"Men hvem sa at dagene våre skulle være gratis? At de skulle snurre rundt på lykkehjulet i hjertene våre og hver kveld stoppe på gevinst? Hvem sa det? Hvor hadde vi det fra?"

 

Dette er starten på Kolbein Falkeid sitt dikt "Hvor hadde vi det fra?" Lykkehjul.... Dei fleste av oss har vel ein eller anna gong "prøvd lykken" på eit Lykkehjul. Det er snart 17. mai, med feiring rundt omkring i heile landet. Mange stader kan ein spele "prøv lykken" på Lykkehjul på nasjonaldagen. Ein kan kjøpe ein spinnerunde på Lykkehjulet og kanskje vinne ein flott premie. Kanskje vinne...Kanskje få gevinst.... Lykkehjulet gjev ingen garanti for gevinst. Faktisk er sjansen ganske stor for at ein går der i frå uten premie, uten gevinst. Det er slik det fungerer. Det er slik det er å prøve lykken på Lykkehjulet. Det aksepterer me. Og me prøver igjen, sjølv om me veit at det er stor sjanse for å ikkje få gevinst.

Livet er også slik. Ingen av oss får eit Lykkehjul med berre gevinstar. Me får ikkje oppleve berre siger her i livet. Livets lykkehjul gjev oss nokre gevinstar og nokre tap. I livet får me oppleve siger og glede - det som er fint og godt. I livet får me også oppleve skuffelse og sorg - det som er vondt og trist. Kanskje syns mange at det er mest av det siste - sorg og tap, vondt og trist. Av ein eller anna grunn er det slike opplevingar som fester seg best i kjenslene våre. Me bèr dei med oss altfor lenge. Rart fenomen (om eg kan bruke eit slikt ord om det) - at det gode og fine må vike når det vonde og triste kjem. Det vonde og triste gjer krav på å få stor plass i kjenslelivet. Men likevel; me må ikkje slutte å prøve lykken på livets Lykkehjul. Me må våge å ta sjansen og spele nye rundar med "Prøv lykken." For me får jo gevinstar også. Og dei må me ta i mot. Me må ta i mot dei gode opplevingane, dei gode dagane, dei gode periodane. Me må ta i mot dei og glede oss over dei, våge å vere i dei når dei er der.

Lykkehjul... Lykke... Eg er eigentlig ikkje ein tilhenger av ordet "lykke"... Det er eit ord som eg liksom ikkje får til - det appellerer ikkje til meg. Eg modererer meg til å bruke "Glede" og "Livsglede." På mitt lykkehjul i livet er gevinstane glede og livsglede. Det er også skuffelser og tristhet på Lykkehjulet mitt. Eg tenker mange gongar at det er altfor få gevinstar og litt for mange "tap"... Forvirret Men så veit eg at det er jo vinnarsjansar og gevinstar der også! Og difor må eg halde fram med å satse. Eg må spele nye rundar på livets Lykkehjul. Eg veit at eg kan få gode opplevingar, glede og livsglede som gevinst. Difor må eg halde fram med å "prøve lykken." 

Eit Lykkehjul som alltid gjev gevinst? Kjedeleg. Eit slikt Lykkehjul ville ha teke vekk all spenning i å spele på det. Eit lykkehjul utan nyanser? Einsformig og kjedeleg. Sjølv om skuffelser, tap, tristhet og sorg er vondt og tungt, så er det noko me treng å oppleve i livet det også. Me treng nyanser og kontraster - me treng det èine for å vite kva det andre er, ikkje sant? Eit einsidig kjensleliv? Likegyldighet, tenker eg då. Nyanser og kontraster skapar mange fargar. Me treng å ha mange fargar i alle slags nyanser på livsvegen. 

"Prøv lykken" på Lykkehjulet, og aksepter det resultatet du får der og då. Så prøver du igjen. Og igjen. Og igjen. Og igjen.... Kul