11. mai, 2017

Ei positiv innstilling er til hjelp, men kan også vere veldig slitsomt.

Å ha ei positiv innstilling har god effekt. Det gjer ting lettare. Å sjå forbi det som ikkje er så bra, det negative, og fokusere på det som tross alt er bra, er til hjelp.Men det kan også vere slitsomt å ha ei positiv innstilling. Når ein lever med kronisk redusert helsetilstand og har plager som ikkje lar ein gløyme at dei er der, kostar det krefter å ha ei positiv innstilling. Ein må mobilisere den fram, i tillegg til at ein må mobilisere for å ha eit greitt nok funksjonsnivå. Helseplagene i seg sjølv kan tappe ein for krefter. Å måtte mobilisere heile tida, tapper ein for krefter. Kroniske helseplager har innverknad på tilværet generelt. Det er mange ting som følgjer med. Det kan ha innverknad på kosthold og matvaner. Mange tyr til 'trøstespising' og får enno fleire plager på grunn av vektauke. Enno meir som er med på å tappe for krefter. For andre igjen er det i motsatt ende av skalaen. Ein mister matlysta som følgje av plagene ein har. Og med for lite og/eller feil næring til kroppen, vert det mindre krefter å ta av. Medisinbruk for å dempe plagene kan gje biverknader som fører til dette også. Nokre medisinar aukar matlysta, og andre kan gjere at ein mister den. Felles for dei fleste som har ein livssituasjon med slike utfordringar, er at ein kan noko om dette. Ein har kunnskap om det og veit i teorien kva som er bra og kva som ikkje er bra for ein. Likevel kan det vere veldig vanskeleg å leve etter det som kunnskap og fornuft seier. 

Når ein lever med kronisk dårleg og redusert helse og alt det som følgjer med, kan det bli tomt for krefter. Når ein blir veldig nedkjørt og sliten, er det ikkje lett å halde fast på ei positiv innstilling. Då mister det meste sin positivitet. Ein kan kjenne seg så sliten at tilværet blir berre tomt, grått og mørkt. Og eit tomt og grått mørke er det jo ikkje noko positivt med. 

"Du må sjå på det positive." Joda. Å ha ei positiv innstilling, vere villig til å jobbe med seg sjølv for å kunne sjå forbi det negative, er til hjelp. Det gjer ting lettare for ein. Men det kan vere slitsomt også. Det kostar krefter å mobilisere fram ei positiv innstilling. Kroniske helseplager grip inn i livet på fleire måtar. Når helsetilstand og livssituasjon er slik at ein kontinuerlig tapper av energilageret sitt og ikkje greier å fylle på tilsvarande, er det ikkje lett å finne nok overskudd til å ha ei positiv innstilling.  Kroniske helseplager er meir enn berre plagene i seg sjølv. Ein konkret, isolert diagnose har ofte med seg følgjetilstand(er). Det er liksom alltid noko som ikkje lar ein gløyme at helsa er redusert og dårleg. 

Det er ikkje alltid enkelt å vere positivi på eit frå før avgrensa energilager.

Å ha ei positiv innstilling er til hjelp. Men det kan også vere veldig slisomt.