6. mai, 2017

Åleine treng ikkje å vere einsemd.

"Mennesket er ikke skapt for å være alene." 

 

Dette skal ein eller anna vis person ha sagt. Og eg kan ikkje nekte for at det er ei sanning i dette utsagnet. Me treng å vere saman med andre. Me treng det for å lære og for å utvikle oss. Me treng det for å bruke oss sjølv og gje av den kunnskapen me har. Me treng å vere saman med andre, både for å gje og for å ta i mot. Me har alle lærdom å gje i frå oss. Og me treng alle å få ny lærdom frå andre menneske. Det kan eg ikkje argumentere i mot.

Eg er nok ikkje ein slik person som oppsøkjer sosiale samankomstar. I mange år opplevde eg det som ein stor byrde. Det var eit problem som eg måtte løyse. Ei livsutfordring som eg måtte jobbe med. Det var eit stressmoment i livet mitt. Mange spørsmål og nedsetjande slutningar om eigen person. Jo meir eg tenkte og grubla rundt det, jo verre vart det å skulle vere meir sosial. Fordi all tenking og grubling vart jo til stadig fleire nedsetjande slutningar om meg sjølv som person. Og når ein opplever at ein er mykje mindre verdt enn andre, så er det jo ikkje akkurat lett å vere saman med andre heller. 

Men gjennom mi ferd på livsvegen, der eg har gått både fram og tilbake, opp og ned, gjennom vanskelege svingar og klatra over store og små hinder, har eg forstått og akseptert kven EG er. EG er eit menneske som absolutt kan ha glede av å vere saman med andre. EG kan vere eit sosialt menneske - gje av meg sjølv og ta i mot frå andre. EG er også eit menneske som kan ha glede av å vere åleine.

Og gjennom mi strevsomme ferd på livsvegen, utan å gje opp alle turane fram og tilbake, opp og ned, gjennom vanskelege svingar og over små og store hinder, har eg blitt eit tryggare og sterkare menneske. Og den tryggleiken eg har inni meg, gjer at eg ikkje "på død og liv" MÅ ha andre menneske rundt meg som eg kan lene meg på til ei kvar tid. Når eg har det bra med meg sjølv, har det bra på innsida, kan eg oppleve åleinetid som kvalitetstid. Eg er kanskje ikkje ein slik person som oppsøkjer sosiale samankomstar. Men eg er heller ikkje ein slik person som unngår alle sosiale samankomstar. Eg er eit menneske som har glede av både det å vere åleine og det å vere saman med andre.

Eg passar ikkje heilt inn i A4-normen for livet. Men kva så? Eg er eit menneske som kan fungere sosialt med andre når eg vil det. Eg er også eit menneske som kan ha det bra når eg er åleine. Og det fine er, at no kan eg faktisk velge sjølv. Eg kan kjenne på kva eg vil og ikkje vil, og eg vågar å ta mine valg ut i frå det. Eg kan velge eller velge vekk, sosialt samvær eller åleinetid. Det er opp til meg om eg vil velge det eine eller det andre. Stort sett, i allefall. Eg har jo dagar der eg unngår sosiale samankomstar som kan vere bra for meg, fordi eg ikkje har det bra med meg sjølv. Eg har dagar som er kjenslemessig tunge - dagar der eg fell inn i gamle mønster. Men dei kjem ikkje så ofte som før, og eg er på god veg til å akseptere at dette også er meg. I det store biletet er eg no eit menneske med ein indre tryggleik på kva som er meg. Eg er eit menneske som trives både saman med andre og åleine.

Som den vesle, kloke bjørnen Ole Brumm seier: "Ja, takk. Begge deler." Kul