2. mai, 2017

Kvardagsliv. Kvardagsglede.

Ein vanleg kvardag. Ein fin vårdag. Ein bra dag. Ingen tur, men mykje utetid likevel. Litt hagearbeid. Ei stille kveldstund på terrassen med kaffikoppen. Fuglar som syng. Sauer og lam som brekar. Litt traktordur av og til. Kvardagsliv. Kvardagsglede. 🙂

"Livet e'kje akkurat eit ball. Men det è no verdt ein liten trall." (Bjørn Eidsvåg)