1. mai, 2017

Klart det kjem nye og betre dagar!

"Èn ting er å legge planer. Noe ganske annet er å vite hvor man har lagt dem." (Ole-Henrik Magga)

Ein humoristisk vri på det å uttrykke at ting ikkje alltid går etter planen.

Det er ein nydeleg vårdag. Blå himmel, strålande sol og 15 varme grader. Eg vaknar etter ei god natts søvn med høg grad av smerteintensitet. Eg står opp og ser dette nydelege vårvèret. Eg tenker at eg skal ut på tur når smertene avtar litt. Eg har lyst til å komme meg ut i naturen og gå på tur. Eg sit og vurderer ulike turmål - opp på ein topp, ein tur i skogen, ein stad der eg kjem til sjøen... 🙂 Etter ei stund må eg innsjå at det blir ikkje slik. Eg må erkjenne at dette er ein av dei dagane då smertene ikkje vil sleppe taket. Eg kjenner at eg ikkje er i stand til å vere ute og nyte vårsola i dag. Kroppen krever ro.

Det er langt i frå kjekt når sjukdom i kroppen hindrar ein i å gjere det ein har lyst til. Det er det mange, mange andre som veit mykje om. Ein kan bli sur og bitter og trist og lei av at det er slik. Når ein lever med kroniske smerter, meiner eg at det er lov å ha desse kjenslene av og til. Klart det er fortvilande når sjukdom i kroppen hindrar ein i å gjere det ein har lyst til! 🤨 MEN - som eg ofte skriv om; dersom ein vil ta vare på den psykiske helsa si, er det nødvendig at ein kan akseptere at det er som det er - å akseptere dei plagene som sit i kroppen, kan spare ein for å slite ned den psykiske helsa.

I dag greier eg det. Eg har veldig, veldig lyst til å vere ute, gå på tur i naturen. Men eg kjenner at det ikkje lar seg gjere. Kroppen bestemmer. Og eg kan slå meg til ro med det. Eg hentar fram tankar om den fine og gode dagen eg hadde i går. Eg hentar fram tankar om dei fine og gode dagane som vil komme etter denne. Eg greier å ikkje "svartmale alt" på grunnlag av at eg har det som eg har det i dag. Det kjem nye dagar etter denne. Betre dagar. Fine og gode dagar.

Det kjem nye, nydelege vårdagar. Det kjem nye dagar med mindre smerter. Det kjem nye dagar der eg kan gjere det eg har lyst til. Klart det kjem nye og betre dagar! Det gler eg meg til! 🙂