28. apr, 2017

Glede vs frustrasjon 0-1. Men gleda kjem tilbake.

For to dagar sidan skreiv eg eit innlegg om glede. Om å kunne glede seg over noko og glede seg til noko. Om å kunne kjenne glede inni seg.

I dag tenker eg: "Var det mulig å få nyte kjensla av glede litt lenger".....?!?!

Det starta allereie i går kveld. Smertene. I går kveld hissa dei seg opp igjen. I dag er dei der framleis. Og dei har slått inn med full styrke. Det er vondt. Veldig vondt, fysisk. Eg vert frustrert når smertene bestemmer over funksjonsnivået mitt. Eg vert frustrert når eg ikkje kan gjere det eg vil fordi smertene stoppar meg. Det lar seg faktisk ikkje gjere når smertene slår inn med full styrke. Kognitive teknikkar kan ikkje hjelpe meg med å ta vekk smerter som sit i kroppen. Eg kan ta medisin som dempar dei, men det tar tid å tilpasse riktig medisinering. I mellomtida opplever eg slikt som dette av og til; at smertene hissar seg opp. Eg kan ikkje tenke dei vekk. Kognitive teknikkar kan ikkje ta vekk desse smertene. MEN - kognitive teknikkar kan hjelpe meg med å stå i smertene, tåle dei, til det blir betre. For det blir som regel det, når medisinen får tid til å gjere "jobben" sin. Det blir i allefall litt betre. Nok til at eg kan fungere bra nok. Eg veit jo det. Men først vil eg gje meg sjølv lov til å vere frustrert: "Var det mulig å få nyte kjensla av glede litt lenger"....?!?!

Eg gjev meg sjølv lov til å kjenne på frustrasjonen. Men eg må passe på at eg ikkje blir i den. Dersom eg blir i den, er vegen kort ned i det tunge mørket. Det veit eg. Og eg veit at eg ikkje vil dit.

Eg veit også at den gleda eg kjente og skreiv om for berre to dagar sidan, ikkje er borte. Når eg, tross smertene, greier å hente fram tankane på det som gjev meg kjensle av glede, så kan eg kjenne at den ikkje er borte. Smerter og frustrasjon har berre eit overtak no. Gleda skal nok greie å komme "på banen" igjen snart og nedkjempe frustrasjonen. Det må eg tru på.