26. apr, 2017

Livet ser annleis ut når ein kjenner glede inni seg.

I alle desse åra eg har levd med mine psykiske helseutfordringar, har ikkje årstidene hatt spesielt stor innverknad på sinnsstemningen min. Ikkje før no. Eg kjenner at noko er annleis. Tanken på vår og sommar og alt det fine som kjem med desse årstidene, gjer noko med meg. Eg kjenner at eg kan glede meg over vårsola, Eg kan glede meg over lysare kveldar. Eg kan glede meg over det som spirer og gror. Tanken på våren og sommaren får meg til å kjenne på glede. Glede er ei god kjensle. Å kunne glede seg over noko. Å kunne glede seg til noko. Livet ser annleis ut når ein kjenner glede inni seg. Livet får fargar. Skarpare fargar og fleire fargar. Det gjer godt å ha fargar i livet. Det gjer godt å ha glede og fargar i livet.

"Våren er vakker for den som lenge har hatt vinter." (Bjørnstjerne Bjørnson)