22. apr, 2017

Me har personleg ansvar i dette som heiter LIVET.

Det er mange som seier til meg at eg er så flink til å gå tur. Eg brukar å svare at; Ja, i starten var eg vel det, men at no gjer eg det fordi det er lystbetont. I starten måtte eg stille krav til meg sjølv for å komme meg ut, og då var kjensla av mestring, kjensla av å vere flink meir framtredande. Etterkvart som turgåing vart meir og meir lystbetont, har ikkje begrepet "flink" vore så mykje i tankane mine. Glede over å vere i ute i naturen og få gode naturopplevingar, vere i fysisk aktivitet, er det som driv meg. 

 

Men eg har framleis dagar med den godt kjende "Dørstokkmila." Eg har dagar som er kjenslemessig tunge, dagar med smerter - dagar der negative tankar er så dominerande at lite eller ingenting kjennes lystbetont. Eg kan lett bli fanga i dei negative tankane. Kvar negative tanke genererer ein ny negativ tanke. Det blir eit kaos av negative tankar, som gjer at det kjennes uoverkommeleg å ta initiativ til handling, ta initiativ til å gjere - ta grep og faktisk gjere. Men likevel - eg har eit valg. Eg kan velge om eg skal la meg bli fanga i negativitet og tungsinn eller om eg skal ta grep og heilt konkret gjere noko for å bryte ut av det, som t.d. å komme meg ut og gå ein tur. Eg har eit valg. Det er mitt ansvar å gjere noko. Det er mitt personlege ansvar.

Det er nemlig slik det er. Me har alle eit personleg ansvar for oss sjølv. Me har personleg ansvar i dette som heiter Livet. Det er omstende rundt oss som me ikkje kan endre på. Livet skjer. Livet endrer seg. Menneska me har rundt oss kan me ikkje forandre. Mykje av det som skjer utanfor oss sjølve, kan me ikkje gjere noko med. Men me kan gjere noko med oss sjølv. Me kan forandre oss sjølv gjennom å ta eit personleg ansvar for kva me vil og kva veg me vil gå i livet.