16. apr, 2017

Valg + konsekvensar = Livet

Fine påskedagar - aktivitetar og samvær med glade barn og vaksne, mange gode og kjekke opplevingar. Eg har pressa meg langt. Eg har, i bokstaveleg meining, pressa meg heilt til smertegrensa. Men eg har valgt det sjølv. Det er eg som har pressa meg sjølv. Eg visste at det ville få konsekvensar. Eg visste kva konsekvensen av å presse meg sjølv ville føre til. Men det er eg som har valgt det. 

Når eg no verkeleg kjenner konsekvensen det har fått, må eg også gjere eit valg. Eg må velge kva som skal få plass i tankane mine. For å hjelpe meg sjølv til å stå i det, må eg velge fokus:

- "Eg har valgt dette sjølv, fordi det eg har hatt lyst til det."

- "Eg vil halde fast på alle dei fine og gode opplevingane eg har fått."

Det handler om valg. Livet handler om å ta valg. Det handler om å ta konkrete valg; "Kva vil eg? Kva vil eg ikkje? Kva skal eg? Kva skal eg ikkje?" Det handler om å ta mentale valg; "Kvar skal fokuset mitt vere? Kva skal få størst plass i tankane mine?"

Nokre valg får uheldige konsekvensar. Nokre valg får gode konsekvensar. Alle valg har konsekvensar.

Livet består av valg og konsekvensar av valg. Me står alle fritt til å ta eigne valg, men me er ikkje fri for konsekvensane av våre valg.. 

Valg + konsekvensar = Livet.