13. apr, 2017

Å akseptere livet som det er, på godt og vondt, er ikkje det samme som evig positivitet

Å akseptere at ting er som dei er, gjer på mange måtar livet lettare for oss. Dette er ein påstand som eg ofte kjem tilbake til. Og det står eg ved. Å akseptere at me er som er og har det som me har det, kan spare oss for mange negative tankar - tankar om det me ikkje er og ikkje kan. Me frigjer plass i tankane våre, plass som kan fyllast med det som, tross alt, er positivt og bra.

 

 

 

Men å akseptere utfordringane våre, betyr ikkje automatisk at dei blir borte. Og det kan vere krevande å leve med dei. Å leve med kroniske og/eller store helseutfordringar kostar mykje krefter i seg sjølv. Å leve med kroniske og/eller store helseutfordringar, betyr ofte at ein må mobilisere for å fungere. Å akseptere dei kan spare oss for negative tankar som drar ned stemningsleiet. Men ein blir sliten av å mobilisere - sliten og lei.

Å akseptere at ein har det som ein har det, betyr ikkje at ein alltid skal vere positiv. Det må også vere rom for å vere i dei dårlege dagane. Det er lov å ikkje alltid vere positiv og smilande. Å akseptere at livet er som det er, rommer at me har både gode og dårlege dagar. Kunsten er å kunne vere i dei dårlege utan å bli fanga i negativ tankestraum.

"Ein har det som ein har det, same kor ein gøymer seg." (Olav Duun)

Å gøyme seg bak evig positivitet er veldig krevande, det. Og når ein lever med kroniske og/eller store helseutfordringar, så har ein jo ikkje akkurat så stort overskuddslager med krefter å ta av. Å bruke altfor mykje krefter på evig positivitet, vil på eit tidspunkt kunne virke mot sin hensikt. Ein kan bli så sliten av å vere positiv at ein "møter veggen." 

Det er lov å kjenne seg sliten og lei. Det er lov å ha dårlege dagar. Aksepter at dei kjem. Gje deg sjølv lov til å vere i dei, men ikkje la dei mørklegge sinnstemningen til noko lenger enn å akseptere; "Eg er sliten. Eg er lei. Eg har det dårleg no."