10. apr, 2017

God påske for mange. Ei vanskeleg tid for andre.

"God påske." To ord i ein kort setning som me seier og høyrer mykje i desse dagar. Nyhendestraumen på Facebook er full av påskehelsingar, både i ord og fine bilete. Med påsken kjem det fridagar - tid og mulighet til å få fine og gode opplevingar, samvær med familie og vener. reise på påskeferie. Eller ha gode og rolege kviledagar, pause frå jobb og vanleg kvardagsliv - ha fridom til å gjere det ein har lyst til.

Det er ikkje slik for alle. For mange er høgtider og heilagdagar ei vanskeleg tid. Høgtider og heilagdagar betyr at offentlege tenester ikkje er tilgjengelege. Det hjelpetilbodet som er der til vanleg, og som for mange er ei tryggleikssøyle, er ikkje tilgjengeleg. Dei som jobbar i hjelpetenester skal sjølvsagt også ha sine fridagar. Men for alle dei som ikkje har det greitt i livet sitt, kan det opplevast veldig vanskeleg at denne tryggleikssøyla fell bort. Fem raude dagar på kalendaren. Fem dagar der kvardagssamfunnet "slår seg av." Fem raude dagar på kalendaren kan opplevast som frykteleg lenge for alle dei som har det vanskeleg i livet sitt, fordi dei mister den tryggleiken som er i hjelpetilbodet til vanleg. 

No er det jo ikkje slik at det ikkje finst hjelpetilbod tilgjengeleg i høgtider og på heilagdagar. Men det er eit meir avgrensa tilbod, og mange opplever nok at det ikkje er godt nok til å gje den tryggleiken dei treng. Det avgrensa hjelpetilbodet som er tilgjengeleg i høgtider og på heilagdagar kjenner sjølvsagt ikkje enkeltmennesket slik som det lokale og faste hjelpetilbodet gjer. Det kan dei heller aldri gjere. Og difor er det nok mange som syns det er vanskeleg å få den hjelpa og trygginga dei treng der.

Eg har sjølv vore i den situasjonen at høgtider og heilagdagar har gjort livet enno meir vanskeleg enn det allereie var. Eg har kjent på opplevinga av at tryggleiken blir svekka og nesten heilt borte når det hjelpetilbodet som var godt kjent meg meg og mine livsutfordringar ikkje var tilgjengeleg.

Men det er slik samfunnet vårt er - det kjem raude dagar i kalendaren - høgtider og heilagdagar - offentlege tenester er stengde, også innanfor helse og hjelpetilbod. Slik er det berre. Det kan kanskje vere grunn til å spørje seg om det avgrensa hjelpetilbodet som finst utanfor kontortid er godt nok oppbygd, men eg har ikkje tenkt å ta for meg det temaet i dette innlegget.

Men eg ynskjer å setje litt lys på det, minne folk om at det er langt i frå alle som gler seg til fridagar og påskeferie. Det er faktisk ganske mange som gjer det heilt motsatte. Det er mange som gruer seg og som syns desse dagane er veldig vanskelege.

Eg syns at det minste me kan gjere, er å gje desse menneska litt plass i tankane våre - vere klar over og ta litt inn over oss at ikkje alle syns at påskefri er noko bra. Det er ikkje "God påske" for alle. Det minste me kan gjere, me som kan og greier å samle gode opplevingar på desse påskefridagane, er å tenke litt på at det er mange menneske rundt oss som har det vanskeleg og vondt i desse dagane.

Det er absolutt lov å nyte fridagar på sin måte, og dele dette med andre. Eg er sjølv ein av dei som brukar sosiale medier ganske aktivt, og eg deler bilete av mine gode opplevingar, også på heilagdagar og i høgtider. 

Samfunnet vårt er som det er på dette området. Høgtider og raude dagar på kalendaren er som det det er - dei kjem, til glede for mange og til sorg for mange andre. 

Men me som kan samle på dei gode opplevingane i påsken 2017, kan kanskje gje ein liten plass i tankane våre til dei som har det vanskeleg. Me kan tåle å bli minna om at ikkje alle opplever påsken 2017 som "God påske."