4. apr, 2017

Stopp negativ tankestraum - løft blikket over den og sjå etter det positive!

Eg våknar til ein ny dag. Eg har ikkje lyst til å stå opp. Eg gjer det no likevel - etter ei stund. Smerter og tungsinn - det kjennes tungt å skulle møte dagen. Dei negative tankane strøymer på: Eg er så lei. Eg er så inderleg lei. Eg er lei av å gå i motbakke på denne vegen min. Eg er lei av at det skal vere så krevande å komme seg framover på vegen. Eg er lei av å måtte mobilisere for å greie å komme meg framover..."STOPP! STOPP desse tankane, Wenche! Du veit kva dei kan føre til, og det vil du i allefall ikkje! Stopp, stopp, stopp! Løft blikket over dette negative og sjå etter det som, tross alt, er positivt og bra!"

Og då ser eg det. Eg ser det som gjer at eg vil fortsetje å gå framover på vegen, sjølv om den går i motbakke. Eg ser det som gjer at det verdt å mobilisere. 

Takk! Enno ein gong kan eg sende eit 'Takk' til den kloke og dyktige psykologen som lærte meg denne Stopp-teknikken. Eg argumenterte lenge i mot at noko slikt ville fungere, men psykologen gav seg heldigvis ikkje. Tok den fram, igjen og igjen og igjen. Ting Tar Tid. Det fungerer. Det fungerer når eg bestemmer meg for at det skal fungere. 🙂