1. apr, 2017

Eitt år eldre, og enno litt klokare.

Nokre refleksjonar på dagen som er starten på det siste året i 40-åra.

Eg kan ikkje seie at livet mitt har vore lett. Men eg har etterkvart fått mykje lærdom. Lærdom som har gjeve meg stor personleg utvikling. Lærdom som har gjeve meg vekst som menneske. Etter at eg slutta å tenke så mykje på det som kunne ha vore, slutta med "tenk om" og "viss berre" - slutta å samanlikne med "det andre har" og "det andre får til" - slutta med å måle meg sjølv opp mot "alle andre" - så har eg, tross alt, fått det betre. Eg har fått det betre med meg sjølv. Og det er vel det viktigaste? Å ha det bra med seg sjølv er jo grunnlaget for det livet ein lever utanfor seg og sitt, i samspel med andre.

Å ha det bra med seg sjølv, får ein til å sjå livet på ein annan måte. Å akseptere sitt eige liv,  lettar på byrdene. Når ein greier å gje slepp på tankar om det som kunne ha vore, blir det meir plass til å sjå det som er. Det som er, her og no. Og ein kan legge merke til at det er mykje som er bra og fint, tross alt. 

Og det har eg. Eg har mykje bra og fint og godt i livet mitt. Eg har menneske i livet mitt som betyr noko for meg. Og eg betyr noko for andre. Eg opplever ting i livet mitt som er bra. Eg opplever gode ting. Eg opplever ting som gjer meg godt. Eg kan sjå det og få tak i det, fordi eg har parkert tankar om det som kunne ha vore. 

Når utfordringar står tett på livsvegen, lærer ein etterkvart å setje meir pris på det små og enkle. Ein lærer seg å legge merke til små, enkle, fine ting som også finst langs vegen. Ein lærer seg å gjere det små og enkle til noko større - til noko som faktisk er verdt å glede seg over. Ein lærer seg å senke forventningane, slutte med å strebe etter den store "lykkerusen." Ein lærer seg å gjere dei mange små og enkle gledene til si livsglede.Når utfordringar står tett på livsvegen, lærer ein seg til at på enkelte dagar er litt faktisk ganske stort - litt kan vere ei mestring som på akkurat den dagen faktisk er ganske stort for ein sjølv - stort nok til å vere fornøgd og glede seg over den mestringa.

 

Det er fint å ha komme til eit slikt vegskille på min veg. Det er fint å kjenne at eg har det betre med meg sjølv, kjenne at eg har meir tryggleik i meg, at eg kan akseptere at eg er den eg er og har det livet eg har, tross alt.

Det kjem sjølvsagt tunge dagar også. Det kjem dagar som kjennes berre mørke og triste. Gleda blir borte. Men det er mulig å lære seg til å akseptere slike dagar også - akseptere dei også som eit her og no. Det går over. Det blir betre igjen.

Eg kan ikkje seie at livet mitt har vore lett. Men eg har fått så mykje lærdom. Eg har slutta med å tenke så mykje på det som kunne ha vore. Eg har slutta med å samanlikne meg og mitt liv med "det andre er og har". Eg har senka forventningane til kva som er glede i livet. Eg lar mi livsglede vere mi livsglede. Eg måler ikkje det opp mot andre på same måte som eg gjorde før. Eg har lært å leve meir her og no, både i det gode og i det vonde. Ikkje i fortida. Ikkje i framtida. Men her og no.

Ein klisjè blir ein klisjè fordi den er gjentakande. Ein klisjè blir ein klisjè fordi den kjem igjen og igjen og igjen.....  Då må den vel ha noko sanning i seg, ikkje sant? 🤩