30. mar, 2017

"Mangt skal vi møte. Mangt skal vi mestre."

"Mangt skal vi møte. Mangt skal vi mestre." Ein strofe frå ein av Erik Bye sine songtekstar. Ja. Me møter mangt langs livsvegen som skal meistrast. Det gjer me alle. Alle møter utfordringar. Nokre store. Nokre små. Dei kjem langs livsvegen. Utfordringar kjem for oss alle. Men likevel.... eg undrer meg på om det er slik at nokre av oss får tildelt litt for mange utfordringar....? Det er sikkert fleire enn meg som har tenkt den tanken. Kanskje på vegne av seg sjølv, eller blant familie, vener og kjende. Eller? "Det er visst nokon som skal få alt".... Ein setning som ikkje er ukjend, vil eg tru.

I kveld har eg gjeve meg sjølv lov til å tenke at eg syns at eg har fått litt i meste laget av utfordringar å handtere på det som er min livsveg. Syns eg synd på meg sjølv....? Nei, eg trur ikkje at det er slik det er. Men eg kjenner at eg er lei meg og litt frustrert over at eg har blitt ramma av enno ei helseplage. Ei ganske alvorleg plage - ikkje farleg, men alvorleg. Ei helseplage som krev behandling med medikament som ikkje vert gjeve ut lett av legane. *Smertehelvete* - eit begrep som eg eigentleg ikkje har hatt noko relasjon til før. Eg har kjent indre smerte - psykisk smerte. Det er vondt. Det kan vere veldig vondt. Men eg har ikkje tenkt på psykisk smerte som eit smertehelvete. Eg har knytta eit slikt begrep til fysisk smerte. Smerte i og/eller på kroppen.

*Smertehelvete* No veit eg kva det er. No opplever eg det sjølv. Fysisk smerte som tidvis er så intens at den er altoppslukande... Det er eit smertehelvete. Det eg kjenner, kan eg relatere til begrepet *smertehelvete*

"Mangt skal vi møte"... Eg syns at eg godt kunne få sleppe å møte dette. Sjølvsagt syns eg det. Tenker eg på det som urettferdig? Nei. Det er ikkje slik det er. Det blir jo ikkje rettferdig om andre skulle få dette i stadenfor meg. Eg føler ikkje at eg må kanalisere dette ut mot eit eller anna. Det kjem jo ikkje der ute i frå. Det er berre noko som skjer i kroppen. Å tenke på det som urettferdig.... det blir feil, det.

Men eg blir lei meg og eg blir trist over å måtte oppleve ein slik smertefull tilstand. Smerter som er frykteleg vonde i seg sjølv, og som hindrar meg i gjere ting eg har lyst til. 

Eg er ikkje sur og bitter på livet. Eg tenker ikkje at livet er urettferdig. Eg kan ikkje tillate meg å sjå slik på det. Eg veit av erfaring at det er øydeleggjande å tenke på den måten. Eg veit det no. Men eg kan ikkje stråle av positivitet heller. Smerter som kan "slå inn" med ein altoppslukande intensitet - ingenting positivt med det. Det er vondt og eg blir lei meg og trist over det. Og eg syns det er heilt greitt å kjenne på den tristheten. Det må eg få lov til. Syns eg synd på meg sjølv, då? Eg sjølv opplever det ikkje slik. Det går godt an å vere trist og lei seg over sjukdom som rammar utan at det er det same som å synast synd på seg sjølv. Om dette hadde ramma meg for to  eller kanskje berre eitt år sidan, kunne eg lett ha gått rett i den fella. Eg kunne ha vandra inn på den farlege vegen av negativitet og mørke. Eg kunne ha vandra rett inn i eit djupt mørke, og då kunne tankar om urettferdighet og kjensler av bitterhet ha komme fossande inn over meg. Men eg har lært så mykje ved hjelp av terapi og eigeninnsats. Og eg merkar at det kjem til nytte i denne situasjonen også. Kognitive teknikkar, metodar, verktøy, det kan hjelpe meg med å handtere fysisk smerte, slik at eg ikkje kjem for langt inn på den farlege vegen av negativitet. 

Akseptere. Det er noko eg har skrive om før. Det er ein av dei tinga eg har lært. Å akseptere det som er, og ikkje bruke tid og energi på å tenke at det ikkje skulle ha vore. Det ER jo. Det er her no. No har eg det slik. Eg har blitt ramma av ei fysisk helseplage - den er ikkje farleg, den er ikkje livsvarig. Eg er i gang med behandling, og det er eit håp inni dette. Eg kan ikkje stråle av positivitet. Men eg kan passe på å sjå etter "fareskiltet" som kan føre meg inn på den farlege vegen av negativitet.

Eit litt meir personleg innlegg her i dag enn det eg vanlegvis har, kanskje. Men essensen i historien kan kanskje vere til nytte for andre. Det er lov å vere lei seg og trist over noko i livet sitt. Det er lov å ikkje stråle av positivitet. Kanskje er det lov å synast litt synd på seg sjølv også? Men STOPP der. STOPP før du vandrar langt inn på ein farleg veg av negativitet. Stopp. Finn noko du kan halde fast i. Ta ein time-out. Så snur du ryggen til den farlege negativitetsvegen, og finn attende til den vegen som du skal vere på. 

"Mangt skal vi møte. Mangt skal vi mestre."

Og det kan me. Me kan så mykje meir enn me kjenner på og trur.