25. mar, 2017

Eg kan ikkje. Eg vil. Eg prøver. Eg fekk det til. Eg gjorde det!

Eg har vunne! Det er laurdag. Klokka har ikkje gått lenger enn til 13.00 på denne dagen, og eg har allereie vunne! 🤩 👍

Fleire mestringar. Steg for steg. Eg har fått gjort ting i løpet av formiddagen som eg ikkje trudde eg skulle få gjort. Eg trudde ikkje at kroppen min ville greie det. Smerter "over alt".... I allefall var det slik det kjentes då eg vakna og stod opp. Men etter ei stund bestemte eg meg for å prøve litt. Eg ville prøve, fordi eg gjerne ville få unnagjort ein del ting. Eg ville ikkje sitje å tenke på det. Eg ville ikkje sitje å sjå på det. Difor tok eg eit valg om at eg ville prøve.

Steg for steg. I mitt eige tempo. På min måte. Det gjekk ikkje smertefritt. Fysiske smerter blir ikkje berre borte. Men om ein greier å få eit mentalt overtak, så tåler ein betre å kjenne smertene. Ein tåler å presse seg sjølv, og ein kan få erfaring på at ein kropp med smerter "over alt" greier meir enn ein trur. Og ikkje berre det. Ein kan også få den erfaringa at smertenivået avtar når kroppen blir brukt. Steg for steg - kroppen blir oppvarma og smertene avtar. (ikkje alltid, og ikkje for alle. Det veit eg. Det finnes jo mange ulike årsaker til fysiske smerter.)

I dag fekk eg erfare at nokre av mine fysiske smerter avtok i intensitet når eg sakte og forsiktig byrja å bruke kroppen. Heilt vanlege, daglegdagse ting. Steg for steg i mitt eige tempo, har eg nådd opp til det som for meg er ein siger akkurat i dag! 🤩Og det er framleis mange timar igjen av dagen. Kanskje eg prøver meg på enno ei "trapp"... ? Kanskje det, ja... 😉