23. mar, 2017

Det går ikkje alltid berre oppover i motbakkar.

"Det er i motbakker det går oppover."

Joda. Det kan eg ikkje nekte for. Sånn heilt konkret så er det jo slik det er. Og står du i bunnen av bakken og skal begynne å gå, så må du gå oppover. Det er oppover det går.

 

Men om det er slik at du har komme eit stykke opp i motbakken, møter på eit krevande terreng og kjenner at kreftene ikkje strekk til, så kan det også vere slik at du mister fotfestet og "sklir" nedover og tilbake den same vegen som du har kjempa deg opp.

*To steg fram og to steg tilbake*... Det kan opplevast slik. Når det skjer igjen og igjen. Når ein aldri greier å nå opp til enden av motbakken. Når ein aldri når toppen. Når ein stadig møter hinder og krevande terreng som tappar ein for krefter som ein allereie har eit avgrensa lager av. Når kreftene ikkje strekk til, og ein mister forfestet og "sklir" nedover den same vegen som ein har kjempa seg opp - igjen og igjen. Då kan det opplevast som *to steg fram og to steg tilbake*...  

Det gjer noko med motet, og det gjer noko med håpet og trua på at ein skal greie å nå heilt opp til enden av motbakken. Det er ikkje lett å halde motet oppe og stable seg på beina gong etter gong. Det er ikkje lett å begynne å gå oppover bakken igjen når ein opplever at det ikkje er meir krefter å ta av. 

Det er kanskje ikkje så rart om ein spør seg; "Kor lang er denne motbakken? Kor mange utfordringar skal eg måtte møte på? Korleis skal eg nokonsinne komme meg heilt opp når eg stadig møter krevande og utfordrande terreng som tappar sånn for krefter at eg mister forfestet og "sklir" nedover og tilbake - nedover og tilbake den same vegen som eg har kjempa meg opp? Gong på gong. Igjen og igjen. Er det slik det skal vere - resten av livet?"

Det går ikkje alltid berre oppover i motbakkar.