19. mar, 2017

Å vere menneske, er å romme mange slags kjensler.

Eg kan ikkje slutte å undre meg over at det kan vere så stor skilnad i sinnsstemning frå den eine dagen til den andre. Den eine dagen kan kjennast tung og mørk - med frustrasjon, irritasjon, kanskje sinne, tristhet og kanskje gråt. Den neste dagen kan kjennast lett og lys - med motivasjon, optimisme, håp og glede.

Slik er det å vere menneske. Slik er det å vere til i livet. Det som lever inne i oss, kjenslene våre og sinnsstemningen vår, kan me ikkje berre slå av og på. Det som lever inne i oss lever jo der, det. Kjenslene våre er levande, dei. Det oppstår ulike kjensler. Nokre gongar oppstår det kjensler tilsynelatande utan særskilde årsaker, utan ytre påverknad som me kan sjå i samanheng med det me kjenner. Andre gongar kan det vere konkrete hendingar, ytre påverknad, som gjer at me kjenner det me gjer.

Slik er det å vere til. Slik er det å vere menneske, på godt og vondt. Me rommer mange slags kjensler. Kjensler som gjev nedtur og kjensler som gjev opptur, og mange fleire mellom desse to. 

Det er jo eigentleg bra at det er slik. Det er jo eigentleg bra at me ikkje berre kan kjenne enten det eine eller det andre. Ikkje sant?

Opp - ned. Glede - tristhet. Med berre det eine ville me ikkje ha visst kva det andre var. 

Å vere menneske, er å romme mange slags kjensler. Kjenslene lever inne i oss, i mange slags nyansar. Slik er det å vere til. Slik er det å vere menneske. Likevel kan eg ikkje slutte å undre meg over at det kan vere så stor skilnad frå den eine dagen til den neste. Eg prøver å akseptere det, men eg kan ikkje slutte å undre meg over det.😉