17. mar, 2017

Tilbakesteg er aldri tilbake til før, og ein mister ikkje det som er no.

Å kjenne seg overmanna av trøtthet. Trøtthet som er nesten så fullstendig som det går an å bli...(?) Den ligg som blylodd i heile kroppen. Det kjennes som ein kraftanstrengelse å bevege seg sjølv den minste avstand frå A til B. Det gjer noko med ein når ein opplever ei slik endring, ei endring til det verre. 

Frå å vere ute, gå på turar, fleire dagar i veka i all slags vèr, vere ute i naturen, få bruke kroppen ved å gå i skog og mark, kjenne at det gjer godt både fysisk og psykisk, til å kjenne at den berømte dørstokkmila har blitt ei nesten uoverkommelig utfordring. Det er veldig likt livet slik som det var før. Det gjer noko med ein når ein kjenner det igjen, når det så likt ei tid i livet som ikkje var god. Gjenkjenning, eller i allefall noko som kjennes veldig likt som før, får fram tankar om det som var før. Det kjem tankar med spørsmålteikn bak. Det kjem mørke tankar som vil ta vekk fargane i livet.

Tilbakefall? Tilbakesteg? Tja.... Kva det no enn er ein kjenner på, som er så likt noko som var før, så er det ikkje heilt likt det som var før. Det kan ikkje bli heilt likt det som var før. Det er ein vegstrekning mellom "før" og "no" - ein vegstrekning der ein har fått med seg erfaringar, lærdom, kunnskap. Om det no er slik at ein har fått tilbakesteg, kan ein gå denne vegstrekning fram igjen til "no" lettare og raskare. Ein kjenner den, og ein treng ikkje bruke tid på å ta med seg like mykje som sist. Ein har jo allereie fått med seg erfaringar, lærdom og kunnskap frå denne strekningen. Det ligg kanskje godt skjult under kjensla av tilbakesteg og dei negative tankane. Men det er der. Har ein først fått med seg noko langs vegen i livet, mister ein det ikkje.

Å kjenne seg overmanna av trøtthet, å kjenne igjen noko som er så likt på det som var før, kjenne igjen noko som ein ikkje vil vere i.... Tilbakesteg? Kanskje litt, på ein måte... Men ikkje heilt tilbake til det som var før. Aldri heilt tilbake, aldri heilt likt det som var før.

Når ein kjenner det på denne måten, kanskje det betyr at ein har hatt litt for høgt tempo i å strebe seg framover på vegen sin? Kanskje har ein overvurdert formen sin? Kanskje har ein disponert kreftene litt feil?

Javel. Greitt - så må ein kanskje gå om igjen ein vegstrekning som ein har gått før. Men denne gongen vil den opplevast annleis. Det vil gå raskare og lettare å komme seg fram igjen til "no" fordi ein ikkje treng å plukke med seg like mykje som sist ein gjekk der. Denne gongen kan ein konsentrere seg om å komme fram igjen til "no" - steg for steg i eit passande tempo.

Tilbakesteg? Ja, kanskje litt. På ein måte. Men det blir aldri tilbake til "før" .  Ein mister ikkje det ein har teke med seg. Ein mister ikkje "no".