13. mar, 2017

Overtenking. Skulle-burde....(?)

Indre stress. Kvifor? Fordi det er altfor mange uryddige tankar som surrer og går inne i hovudet: 

"Eg burde... Eg skulle ha gjort... Eg må få gjort det, og så må eg få gjort det"...

 

- smerter i kroppen, dagens overskudd er eigentleg oppbrukt -

 

 

 

"STOPP! STOPP! STOPP! Wenche Frantzen, stopp opp litt no! Kva skjer dersom du ikkje gjer desse *skulle-burde-må-greiene* som du lar tankane dine plage deg med? Stopp opp litt, og finn ut av det!"

"Greitt! Ingenting av dette MÅ gjerast akkurat no. Det er enno nokre timar igjen av denne dagen, så:

1. Det som er det mest viktige, er det framleis tid og mulighet til å få gjort. 

2. Dei andre *skulle-burde-må-greiene* har ingen betydning for andre enn deg sjølv. Og konsekvens av at du ikkje gjer det akkurat no, er faktisk heilt ubetydelig. Så når du kjenner at ei stund med ro og kvile er det du treng mest, så er du så heldig at kan du gje deg sjølv det!"

FERDIG TENKT!🙂