11. mar, 2017

Velferdsstaten Noreg - er den det for alle?

Eg møter mange menneske på min veg i livet. Eg møter mange menneske som har ulike helseutfordringar. Eg møter menneske som fortel om sin kamp i systemet av velferdsordningar. Noreg er eitt av dei landa i verda med best velferdsordningar. Likevel er det mange som fortel at dei må kjempe i systemet for å få det dei har behov for. 

 

Noreg har gode velferdsordningar - men innanfor ei viss ramme? Det må sjølvsagt vere lovar og reglar. Det må vere retningslinjer. Men når mange menneske fortel at dei må kjempe i systemet, betyr det at rammene er for snevre? Betyr det at lovar og reglar er for rigide og absolutte? Eg møter menneske som fortel at dei faktisk har direkte utgifter knytta til å få hjelp og behandling for helseutfordringane sine. Utgifter som gjer at dei har mindre å greie seg med til vanleg livsopphald. 

Men dersom det er slik at lovar, reglar og retningslinjer er for rigide, korleis kan då så mange greie å utnytte systemet og svindle til seg velferdsordningar som dei faktisk ikkje har behov for? Det kan ikkje vere slik at dei som verkeleg treng å nytte seg av velferdsordningane må kjempe for å få det, medan dei som er friske og sterke nok til å greie å svindle det til seg, får nytte seg av ordningar som dei eigentleg ikkje har krav på. Eg møter mange menneske som fortel meg historiar om at dei opplever det slik.  

Det vere lovar, reglar og retningslinjer for velferdsordningane våre. Det er sjølvsagt. Men kva med alle dei som ikkje passar inn i dei rammene som er satt? Og kven er det som fell utanfor desse rammene? Dei som fell utanfor er som regel dei med langvarige helseutfordringar. Dei med alvorlege plager. Dei med kroniske plager. Dei som fell utanfor, er ikkje det då dei dei som verkeleg treng hjelp og støtte av velferdsordningane?

Eg møter menneske som fortel at dei har det slik. Eg syns det er trist at dei som allereie kjempar med helseutfordringane sine også skal måtte oppleve ein kamp i systemet for å greie seg frå dag til dag i kvardagslivet.

Noreg er eitt av dei landa i verda som har best velferdsordningar. Likevel er det så mange som må kjempe i systemet fordi dei kanskje fell utanfor dei rammene som er satt.

Me som bur i Noreg har det langt betre enn i mange andre land. Men kanskje er det eit forbetringspotensiale for meir rettferd i fordeling av velfedsordningane?