6. mar, 2017

Ein god dag - ta i mot den, nyt den og bruk den!

Å våkne ein mandag morgon, kjenne at smertenivået ikkje er så ille, kjenne at det er ganske lyst og lett på innsida, kjenne at ein ser fram til å møte dagen og det den kan by på, både i det som er innanfor faste rammer og plikter og i det som kan dukke opp ellers - det er fint, det!🙂 

 

 

 

Slike dagar er så viktige. Slike dagar er viktige for oss alle, men dei er særs viktige når ein har kroniske helseplager eller andre krevande utfordringar i livet som gjer at mange dagar er i heilt andre enden av skalaen.

Eg veit at mange veit og forstår kva eg meiner. Eg veit at mange opplever det det samme, om enn på sin individuelle måte. 

Slike dagar der ein kjenner at livet er ganske fint, er veldig, veldig viktige. Det er viktig å ta i mot dei, våge å nyte dei, våge å bruke dei når dei er der. Det er viktig å gje seg sjølv lov til det, ikkje tenke på dagar som vil komme og vere i den heilt andre enden av skalaen. 

Det er viktig å gje seg sjølv lov til å kjenne på at det er det godt å vere til og at livet er ganske fint - akkurat her og no!🙂