2. mar, 2017

Stopp! Ta ei avgjersle. Aksepter den. Ferdig tenkt!

Tankane våre har stor makt over oss sjølve. Dei har veldig stor betydning for korleis livet vårt er. Me ser verda og oss sjølve gjennom dei tankane me har. Tankane våre kan bli til ein heftig diskusjon. Me diskuterer med oss sjølve i tankane. Dei negative tankane i diskusjonen, greier ofte å få størst plass. 

Eg har lært mykje om tanken si makt på min veg i livet. Eg har lært metodar og teknikkar og funne fram til verktøy som fungerer for meg når tankediskusjonar blir så heftige at dei skaper kaos og indre uro, og samstundes får meg til å kjenne at eg blir handlingslamma. Eg veit. Eg kan. Men av og til opplever eg framleis at det oppstår tankediskusjonar som fører meg inn i ei faresone. Eg opplever at eg lar tankediskusjonar få halde på så lenge at eg kjem langt inn i ei faresone. I enden av denne faresona er det mørkt, tungt og trist. I enden av denne faresona, starter depresjonen. Det veit eg. Likevel opplever eg at eg lar tankane styre meg inn i faresona. Men det er ein skilnad på før og no. Om eg har komme langt inn i faresona, greier eg no å STOPPE før eg kjem til enden av den:

"STOPP! STOPP! STOPP! Slutt med overtenking. Ta ei avgjersle. Velg eitt av alternativa som er i tankediskusjonen. Ta eit valg. Aksepter valget ditt. Ferdig tenkt!"

Det fungerer faktisk, dette. For meg fungerer det. Eg har jobba med det over tid. Eg har jobba med meg sjølv. Eg har trent på det. Eg har gjort det gjentatte gongar. Ting Tar Tid. Men det er mulig å trene seg opp til å ta meir styring over tankane sine. Å ta ei avgjersle, ta eit valg, bestemme seg for det eine eller andre og så akseptere sitt eige valg, kan få slutt på tankediskusjon og grubling.