26. feb, 2017

Enkeltindivid i fellesskapet - valg og konsekvensar.

Me har alle rett til å gjere valg som er til vårt eige beste her i livet. Men me har ikkje rett til å "trakke på" andre for å kunne gjere akkurat som me sjølv vil. Me greier ikkje alltid å unngå at andre blir såra av valg me gjer. Å gå gjennom livet i stadig redsel for å såre andre, vil vere å "utslette" seg sjølv og sitt eige liv. Me vil også oppleve å vere den som blir såra av valg som andre gjer. Å gå gjennom livet i stadig redsel for å bli såra, vil vere å "utslette" seg sjølv det også.

Men kanskje er det noko med måten me gjer ting på? Måten me legg det fram på? Kanskje er det mulig å gjere det på ein måte som gjer at det blir litt mindre sårt for mottakaren? Å vere open og ærleg og tenke over ordvalg og talemåte, er ein god måte å gjere det på. Det har i allefall eg tru på. Det er ikkje lett å formidle noko til eit anna menneske, som ein veit vil vere sårande. Men dersom det handler om eit valg som er viktig for ein, eit valg som vil gjere livet betre, så ein gå gjennom den kjensla det er er å ta valg som vil såre eit anna menneske. Og så må me hugse på at dette går begge vegar. Me kjem til å bli såra av andre sine valg, og det må me leve med. 

Men det er skilnad på å ta valg som kan såre andre og det å ta valg som betyr at me "trakkar på" andre. Å ta valg som er til eige beste, gjere det ein helst har lyst til, realisere seg sjølv (som det heiter på fint) er ikkje det same som egoisme. Det skal i allefall ikkje vere det same. Å gjere akkurat det ein har lyst til, heile tida, for ein kvar pris, ta valg som "trakkar " og "trakkar ned" andre - det er egoisme. Å leve akkurat slik som ein sjølv vil og forvente og be om at andre også skal leve slik som ein sjølv vil - det er egoisme.

Det er absolutt lov å ta valg som gjer at ein kan ha det godt i livet, men me må samstundes hugse på at andre menneske også har lov til det. Me har alle rett til å få leve eit så godt liv som mulig, men me skal også ta hensyn til andre.

Det handler om å vere enkeltindivid i eit fellesskap. Det handler om moral.🙂