22. feb, 2017

Eit lite frustrasjonsutbrudd kan gjere godt.

Frustrasjon, sinne - over ein bagatell. Ofte ligg det meir bak. Ein bagatell kan utløyse ein reaksjon over noko som kan ligge å ulme på innsida, i tankar og kjensler, noko som ein prøver å halde under kontroll. Og kanskje er det noko som ein skal halde under kontroll. Kanskje er det noko som det er mest hensiktsmessig å halde under kontroll. Då kan det vere bra at ein bagatell utløyser ein reaksjon. Det er slitsomt å halde på kontroll. Sjølv om det er det mest hensiktsmessige å gjere, så er det slitsomt. Og det å få sleppe ut litt frustrasjon og sinne over noko som er ein bagatell, kan gjere godt. Eit lite frustrasjonsutbrudd over noko som er ufarleg, kan vere nok til at ein kjem seg meir ovenpå igjen.

Men det ligg jo også ein fare i det. Det er ein fare for at eit slikt utbrudd opner opp for mykje og kjem ut av kontroll. Det kan komme ut av kontroll og bli for mykje å handtere åleine. Det er godt å ha ein støttespelar som kjenner til dei psykiske plagene, eit menneske som har fått litt meir innsyn enn det "allmennheten" får. Ein støttespelar som veit og forstår utan å gjere noko stort nummer av det. Ei stille, felles forståing av at det ligg nok litt meir bak ein slik reaksjon, men at det ikkje skal få noko merksemd her og no. Det er godt å ha ein støttespelar som gjer at ein overdimensjonert reaksjon over ein bagatell, blir ufarleggjort med felles "hoderisting" og latter. Smiler stort