20. feb, 2017

Ein ny seier!

Ein kveld med intense smerter. Eit smertenivå som sprengte skalaen. Vegen ned i ein mørk, mørk dal var kort og gjekk i ein rasande fart. Negative tankar på rekke rad. Negative tankar som gav meg eit eit håplaust syn for framtida. "STOPP! STOPP, Wenche! Du kan ikkje vite at framtida er håplaus. Du veit berre at akkurat no, i kveld, har du eit vanvittig smertenivå som gjer at du kjenner deg frustrert og lei og trist. Og dei negative tankane kjem fordi du føler det sånn, akkurat no i kveld! Så berre STOPP desse tankane. Du har lov til å vere frustrert og lei og trist. Du har lov til å la tårene komme. Du har det så vondt, at det har du lov til. Men STOPP der, og ikkje "spinn" vidare på det."

Eg greidde det, eg. Eg greidde å la gråten komme og gå igjen. Eg greidde å stoppe negativ tankestraum, og hente fram rasjonelle tankar. Eg greidde å vere i dei intense smertene, og likevel hente fram rasjonelle tankar. Og med det, var dei første stega opp av den mørke, mørke dalen tatt. Ein ny seier for meg, det!

Dette var i går. I dag er ein ny dag. Eg er ikkje smertefri. Dei fysiske smertene er der, men i langt lågare grad enn i går. Og eg er oppe av den mørke, mørke dalen. 

I dag er det ein ny dag. Eg er klar for den og ser fram til å møte den, med dei forutsetningane eg har - akkurat i dag. Og det er greitt. Det er bra nok.