15. feb, 2017

Det er skilnad på det å leve og det å eksistere i livet.

Utan dei dårlege dagane ville me ikkje ha visst korleis dei gode dagane kjennes. Ein påstand med sanning i. Men for mange kan det vere lite trøyst i dette utsagnet. Når det blir litt for mange av dei dårlege dagane, over eit lengre tidsrom - for mange handler det om årevis, store delar av livet så langt - då er det ikkje alltid lett å finne trøyst i denne påstanden. Å ha ei oppleving av at det er overvekt av dei dårlege dagane er slitsomt. Det er slitsomt og det kan vere vanskeleg å rette fokus mot det som er bra. Det kan bli slik at ein må jobbe veldig med seg sjølv for å sjå og ha fokus på det som er positivt. Slik mental jobbing er krevande, (mental jobbing er nemlig krevande) og det tek krefter frå eit allereie avgrensa energinivå. Det blir nesten umulig å få bygge opp eit lite overskudd på energilageret sitt - eit overskudd som kan brukast til noko meir enn berre det å greie seg gjennom det mest primære i kvardagen, eit overskudd som kan brukast til noko kjekt.

Det kan også vere vanskeleg å halde fast på innhaldet frå gode dagar når ein opplever at dei er i mindretal. Dårlege dagar tar stor plass når det er så mange fleire av dei enn av dei gode. 

Det kan bli frustrerande når ein må jobbe så veldig for å nå i dei gode dagane. Særleg når dette er meir regelen enn unntaket. Ein blir sliten og frustrert av slikt.  Eg trur at det er mange som vil kjenne seg igjen i denne tanken; "Kan ikkje ting gå litt lettare, berre ei lita stund i allefall"....

Livet går ikkje berre rett fram. Ikkje for nokon av oss. Men....likevel; tenk om, berre tenk om, ein kunne få gå på ein lang, rett og flat strekning over ein litt lengre periode på livsvegen sin... Det hadde vore fint, det. Tenk å kunne nyte meir av turen langs livsvegen, utan å måtte anstrenge seg så mykje. Finne ro med å gå litt lettare, ikkje vere i beredskap og stålsette seg for den neste motbakken, eller endå verre; den neste skråningen der ein fort kan miste fotfestet og rase nedover - langt, langt ned i ein mørk dal.

Det hadde vore fint å ha overskudd til å leve meir når ein no går her på denne livsvegen.

Det er skilnad på det å leve og det å eksistere i livet.