11. feb, 2017

"Noen ganger er det helt allright."

Ein laurdag med nydeleg vèr. Mildare temperatur enn det har vore dei siste dagane, strålande sol som varma - ein flott dag for tur. Men akkurat i dag, var det ikkje ein flott dag for tur - ikkje for meg. Eg hadde veldig lyst til det. Eg tenkte og vurderte. Ei god stund tenkte eg, og eg vurderte. For og i mot. Kva er lurt å gjere? Kva er bra å gjere? Kva er best å gjere? Kva er det best for meg å gjere akkurat i dag? Kroppen er tydeleg med sine signal. Den gir signal om at den vil setje pris på litt ro. Eg tok eit valg om å lytte til kroppen i dag. 

"Noen ganger er det allright" - syng Odd Børretzen. Ja. Nokre gongar er det heilt greitt å 'droppe' tur, sjølv om det er ein nydeleg dag der ute. Det er heilt greitt å ta det med ro. Lese, sjå noko kjekt på TV, høyre på musikk. "Noen ganger er det helt allright." 🙂