7. feb, 2017

Å akseptere seg sjølv - på godt og vondt

Tre dagar på rad med mykje utetid. Fint og tørt vèr med kald vinterluft. Eg visste at det ville komme konsekvensar. Eg visste at det ville slå negativt ut på helseplager eg har. Og det er veldig bra at eg visste det. For når eg no kjenner det på kroppen, så veit eg kva det er og kvifor. Det er lettare å tåle plagene når eg veit kva det er og kvifor. Og alle dei fine stundene og opplevingane, med mykje utetid, i lag med andre - det ville eg ikkje ha vore foruten. 

Ting Tar Tid. Men eg begynner å bli betre kjend med dei kroppslege helseplagene mine også. Eg har fått erfaring på kva som kan gje negative konsekvensar og korleis desse konsekvensane blir. Eg har også fått erfaring på at negative konsekvensar ikkje er varige. Forsterking av plagene som oppstår i ulike situasjonar, kjem til å gå over. 

Det kan vere vanskeleg å akseptere at kroppen "slår seg av" når ein har lyst til meir enn det kroppen greier. Men dersom ein kan greie å akseptere at ein er den ein er, med det funksjonsnivået ein har, kan ein spare seg for frustrasjonen og mange negative tankar om alt det ein ikkje får til når kroppen går i "av-modus".... Eg jobbar med det. Eg må framleis jobbe med meg sjølv for å akseptere at mitt funksjonsnivå er redusert i forhold til det som det har vore. Eg jobbar med å akseptere at eg er den eg er, med det eg har av plager, her og no. Det er slik det er å vere meg. Eg kan vere PÅ i nokre dagar, og så er det nok og kroppen slår seg AV. Slik er det. Slik har eg det. Slik er det å vere meg.

Kari Bremnes skal ha sagt noko slikt: "Jeg blir mer og mer opptatt av livet som det faktisk er, og ikke som det skulle ha vært."

Ja. Livet ER. Det som "skulle ha vært"... Det ER ikkje, det. Ein taper både tid, energi og humør av å tenke så mykje på "skulle ha vært"...Tid, energi og humør som kunne ha vore ein del av det livet som ER her og no. Å akseptere seg sjølv på godt og vondt og leve det livet som ER - det gir rom for glede og gode opplevingar når ein er PÅ, glede og gode opplevingar som ein kan halde fast på i minnet og tankane sine når ein er AV. 

Å akseptere det livet som ER, betyr ikkje at ein ikkje skal ha ønskjer og ambisjonar om å ta steg framover på livsvegen sin. Det er fint å kunne strekke seg etter ny mestring. Og dersom ein aksepterer seg sjølv med det ein har av både begrensninger og muligheter, så kan ein tilpasse vegen vidare med det utgangspunktet ein har. Ein kan strekke seg etter mål som er mulige å oppnå når ein veit kven og kva ein ER i livet sitt - her og no.