4. feb, 2017

Sjølvhjelp - to nye grep eg må ta.

I kveld har eg innsett at det er eit par nye ting eg må innføre i kvardagen min. To ting som eg må gjere for å hjelpe meg sjølv. To ting som vil hjelpe litt på kroppslege 'vondter'...

Eg må trene på å tåle stillhet. Eg må lære meg å finne ro og avspenning i stillheten. Utan bilete og lyd frå fjernsynet. Utan lyd frå radio eller lydbok. Eg må trene på å tåle stillhet, finne ro i stillheten utan at tankane går som ein karusell inne i hovudet mitt. 

Dette er ikkje nytt for meg. Eg kan jo noko om det. Men så er det dette med kva ein kan i teorien, utan å ha gode rutinar på å gjere det i praksis. Eg har gjort det, og gjer det, av og til. Men det blir berre sporadisk. Min kvardag i heimen har alltid vore slik at det må vere lyd. Stillheten har vore litt farleg, fordi då har tankane liksom fritt spelerom. 

I kveld har eg hatt ei god erfaring på å vere i stillheten. Eg har brukt ein metode som ikkje er ny for meg. Eg kan den og veit at den som oftast er til hjelp.

Eg skal konkretisere, slik at de veit kva eg no snakkar om:

- Muskelsmerter/muskelspenningar i rygg, skuldre og nakke. Kjensle av å ha ei brennande varm stålplate innunder huda frå skulderblada og heilt opp i bakhodet. Intens hodepine - i absolutt heile hodet. Frå nakken, bakhodet, og ned i ansiktet, ut i kjevane. (trur at mange vil kjenne seg igjen i dette eg no skildrar). Smerter som er "til å bli sprø av"...! Eg hadde eigentleg lyst til å setje meg ned med PC'en. Sjekke Facebook, sjå gjennom nettaviser. Men så greidde eg å vere streng med meg sjølv: "No MÅ du setje deg ned, ha det stille, og fokusere på å få muskulaturen i kroppen til å sleppe opp på stramming og spenning." Og så gjorde eg det. Med tankane mine tvinga eg muskulaturen til å sleppe litt opp på strammingar og spenningar. Eg veit ikkje heilt kor lenge eg sat slik - med mesteparten av merksenda mi og tankane mine retta mot å tvinge muskulaturen til avspenning - sånn ca. 20 - 25 minuttar kanskje..? Og veit de? Det fungerte. Heilt klart mindre anspenthet i kroppen etterpå.🙂

Å setje av tid til å finne ro og avspenning i stillhet - det er noko eg må jobbe med å få til i meir faste former. Ikkje berre sporadisk når muskelspenningane har nådd toppen av smerteskalaen. Eg må innføre stilletid med avspenning i kvardagen min. 

PC-kvote. Eit begrep eg lærte av ein fysioterapeut på eit tilbake-til-jobb-kurs i fjor. PC- kvote er å ha ei tidsramme for kor mykje og kor lenge eg skal sitje med PC'en. Fordi det å sitje med PC'en er med på å øke muskelspenningane mine i skuldre og nakke. Eg må innføre PC-kvote i kvardagen min. Eg må lage tidsramme på kor lenge eg kan sitje før eg tek pause. Ei heilt konkret tidsramme. DET er ein utfordrande treningsøvelse. "Eg skal berre nett sjekke, skal berre nett sjå på den og den nettsida"... og så vert eg ofte sitjande der med PC'en heilt til kroppen gjev klar melding i form av muskelsmerter i skuldre og nakke og hodepine.

To nye grep eg må ta for å hjelpe meg sjølv til litt mindre 'vondter'. For meg er dette noko som krev trening - eg må trene mentalt.

1. Eg må trene meir på å tåle stillhet - eg må trene på å rette merksemda og tankane mine mot å finne ro og avspenning i stillheten. 

2. Eg må trene på å motstå behovet for å vere på nett så ofte for og sjekke både Facebook og andre ting. 

Eg velger å skrive dette så personleg og konkret, fordi eg trur at det er mange som har det litt på same måte - både dette med at ein alltid har lyd rundt seg og kanskje må lære seg å tåle stillhet, og kanskje endå meir dette med å sitje  mykje med PC/nettbrett.

I kveld har eg bestemt meg for at dette er noko EG skal prøve å gjere noko med. Eg skal prøve å gjere noko med det, fordi det har betydning for helsa mi - rett og slett. Men eg må trene på det. Mental trening. Og det blir nok sikkert slik som med så mykje anna: Ting Tar Tid. For det tar tid å innføre nye mønster og rutinar.