1. feb, 2017

Medmenneske - for kvarandre?

Eg har sett delar av Nrk sin tv-dokumentar "Flukt," der Leo Ajkic, som sjølv kom til Noreg som flyktning då han var barn, tek oss med tett på flyktningestraumen. Gjennom tv-skjermen får me ta del i nokre enkeltmenneske sin veg vekk  frå krig og terror og mot tryggleik. Mange kjem til Noreg. I Noreg er det trygt. I Noreg er det godt å bu. Tv-dokumentaren, med Leo Ajkic som formidlar, viser oss eit nyansert bilete. Me får ta del i hat, sorg og glede. 

Så, i dag, ser eg ei overskrift i ei nettavis. Det står at Leo Ajkic opplever hetsing etter denne tv-dokumentaren. Eg får dessverre ikkje lese artikkelen, då den er for abonnentar. Men eg kan lese overskrifta, som fortel meg at Leo Ajkic opplever hetsing. Eg blir opprørt. Eg blir sint. Men mest av alt; eg blir oppgitt og trist. Eg syns det er trist at me menneske skal vere slik mot kvarandre. Eg syns det er trist når menneske som har det SÅ godt som me har det her i Noreg, kan halde på med slik hetsing. Eg forstår det ikkje heilt, eg. Eg forstår ikkje at det for nokre menneske er lett og greitt å setje folk i bås på bakgrunn av livssyn. Eg er ikkje naiv. Eg får jo med meg saker i nyheitssendingane, saker om terror og sjølvmordsbombarar. Men likevel.... Eg likar ikkje at menneske som bur i trygge, gode Noreg spissar inn hat og hets og set menneske i bås på bakgrunn av livssyn. Eg syns det er trist. Og det gjer meg litt redd. Eg blir redd når overlevande frå konsentrasjonsleirane under 2. verdskrigen uttaler at det som skjer i verda i dag, er skremmande likt det som skjedde den gongen. Eg har sjølv besøkt Auschwitz og Birkenau, og fått høyre litt om det som skjedde der under 2. verdskrigen.... 

Eg har eit inderleg ynskje om at menneske som hetsar, tek seg tid til å setje seg meir inn i det store biletet, og sjå at dette handler ikkje berre om livssyn og den eine religionen som får skulda. Igjen; eg er ikkje naiv. Eg ser og eg høyrer. Men eg syns det blir for lettvint å generalisere og spisse inn skuld og hat på ein slik måte. I tv-dokumentaren seier Leo Ajkic noko om kva han har lært gjennom å følgje flyktningar så tett på. Han seier at han i ein periode av livet meinte at religion var årsaken til krig. Men no tenker han at det finnes gode og onde menneske. Eg trur at det er ein god observasjon. Eg trur at det som er skummelt for verda vår, er ekstremisme, uavhengig av livssyn/religion. Ekstreme, einsidige holdningar - eg trur at det er det som er skummelt. Eg trur at me tener på å løfte blikket og sjå det store biletet, og samstundes våge å sjå at dette handler om menneske. Dei som flyktar for livet, er menneske. Me som bur i trygge og gode Noreg, er menneske. Er ikkje då dei som flyktar frå det vonde og kjem hit, våre medmenneske? Og er ikkje me som bur i trygge og gode Noreg, medmenneske for dei som kjem hit? 

Det ynskjer eg meg. Eg ynskjer meg meir medmenneskelighet i verda vår.