31. jan, 2017

Å ta ansvar for seg sjølv og livsvegen sin

Eg er forsiktig med å ha store tankar. Eg aksepterer at situasjonen er som den er. Eg er forsiktig, men eg vågar å kjenne på håpet.

I dag har eg tatt ei avgjersle. Eg har ikkje lenger psykolog som kan veilede meg, fordi eg kan klare å ta riktige valg sjølv. Det er det eg skal. Det er slik det skal vere. Eg skal ta ansvar for meg sjølv og livsvegen min. Ansvar for eige liv. Eg har etterkvart lært meg til å stole på meg sjølv. Eg har lært meg til å vurdere kva som er riktig for meg ut i frå dei helseutfordringane eg har. Eg kjenner meg sjølv, og eg har lært meg til å stole på mine eigne vurderingar av kva som er mulig og kva som ikkje er mulig med dei helseutfordringane eg har. 

I dag har eg tatt ei avgjersle. Eg har tatt den sjølv. Det er eg som har bestemt at no er det slik det må vere. Men i forkant av denne avgjersla, snakka eg med eit anna menneske om det, eit medmenneske som delte sine tankar rundt det som var tema, og som gav meg støtte. Det var fint å få den muligheten til å prate rundt det. Takk! Kul

Og no har eg bestemt meg. Eg har tatt eit valg. Eg har tatt eit valg, og eg har noko konkret som eg kan presentere for andre involverte. 

Eg har gjort mitt valg, og det kjennes bra. 

Eg er forsiktig med å ha store tankar. Men eg vågar å kjenne på håpet.Kul