29. jan, 2017

"Just one of those days." Eg brukar det til å sprenge ei ny grense.

Det er noko med desse laurdagane, altså. Ofte så er det slik at laurdag er den dagen i veka då det er heilt tomt for energi. Det er ikkje noko overskudd å hente. Kroppen er nesten som ein "gelèklump"...det er ein kraftanstrengelse å lette seg opp av stolen og bevege seg frå A til B inne i leiligheten. Eg syns at det er lov å ha slike dagar, dagar der ein er passiv. Når kroppen ikkje fungerer og 'vondtene' melder seg med stor styrke, må det vere lov å melde seg litt ut og berre vere i ro. Det syns eg. For mange går dette heilt fint. Det er rett og slett ein kviledag, ein dag der ro og kvile gjer godt og hjelper med å ta seg inn igjen og få nye krefter. For nokre kan slike dagar bli eit problem for det psykiske. Det er vel ikkje tvil om at det å vere passiv, ikkje vere oppteken med noko som krev merksemd og fokus, gjev god plass for tankane. Mange tankar kan få boltre seg på slike dagar. For mange er det ikkje noko meir enn det. Det er tankar som boltrer seg. Det er både gode og mindre gode tankar som får fritt leide. Men det blir ikkje til noko problematisk, fordi dette er berre tankar som boltrar seg. Det er noko mellombels, og ein veit at når ein har fått kvilt seg og funne nye krefter så er dette tankar som ikkje var så store og viktige. For mange er det slik. Og då er det ikkje problematisk å ha dagar der ein er så passiv at tankane får god plass til å boltre seg på. For nokre av oss, kan det vere slik at tankar som får plass til å gå fritt, kan ta overhånd. Og som oftast er det slik at det er negative tankar som greier å få eit overtak. For nokre av oss kan tankar som får fritt leide, bli så negative, tunge og mørke at dei får psyken til å bli tung og mørk også. Ein tenker seg langt ned i mørket. Å halde på med noko, ha noko som krev merksemd og fokus, er eit viktig verktøy for å halde det tunge og mørke på avstand. Dette er vel noko ein kan finne i lærebøker innanfor det psykiske helsefeltet, vil eg tru. Aktivitet er viktig. Å ha noko å halde på med som flyttar fokus og samstundes kan gje nye impulsar og påfyll - ja, det er viktig. Men så er det ikkje alltid at ein greier å bruke dette verktøyet. Det er ikkje alltid det lar seg gjere. Når kroppen knapt nok er i stand til å flytte på seg, når 'vondter' slår til med stor styrke... det er rett og slett vanskeleg fysisk å vere i aktivitet, å halde på med noko. Kroppen krev ro. 

Som eg har skrive om tidlegare, så kjenner eg heilt klart at stemningsleiet mitt går ned på dagar der eg for det meste berre sit her i stolen min. Eg gjer det langt meir sjeldan enn for berre eit par år sidan. Fordi eg veit. Eg veit kva det gjer med meg. Men på dagar der det er nesten fysisk umulig å halde på med noko som krev at kroppen må flytte på seg, så MÅ eg la den få ro og kvile. Eg har blitt flinkare til å ha ein viss styring på dei negative tankane. Eg greier meir å halde dei på eit nivå som gjer at dei ikkje får overvelde meg. Men når hovudet mitt, hjernen min, ikkje har så mykje anna å rette merksemda mot, så er det jo god plass der oppe til tankeaktivitet. For sjølv om eg meiner å ha god styring, så må det jo vere noko som jobbar i tankane mine når eg opplever at stemningsleiet mitt går merkbart ned på passive dagar. Ja, noko skjer med meg. Men eg blir ikkje overvelda og overmanna av det så lett som før. Det er jo bra!

"It has been just one of those days." Og no, på grunn av det, skal eg sprenge ei ny grense her i bloggen min. Ein tekst eg skreiv tidleg i sjukdomsfasen min, begynte å "gå" oppe i hovudet mitt. No vil eg dele det med lesarane av bloggen min:

"Something has happened inside of me. There's so much pain in my soul. It feels like I've lost myself. My life is out of control. There must be somebody out there, who can take the pain off my chest, someone that I can count on, to comfort my soul to rest. I need somebody beside me, who can help me to see a way, be a wind beneath my wings, and lift me up through the day."   (W.Frantzen - ca. 1997/1998 ein eller anna gong)

Phu.... DER var det gjort.😮 Eg har lagt ut ein av mine dikt/prosaform-tekstar, forøvrig den einaste eg har skrive på engelsk. Den berre danna seg slik, på engelsk, den gongen eg skreiv den.