27. jan, 2017

Steg for steg. Mestring er betre enn nederlag.

Å sovne tidleg ein torsdagskveld, trøtt og sliten etter ei veke som har vore god, våkner av meg sjølv kl. 7 fredag morgon, kjenner meg utkvilt, veit at framfor meg ligg det ein ny og ubrukt dag som eg kan fylle med akkurat det eg vil - det er fint, det!

 

Roleg start, prøve seg fram, steg for steg. Enno ein gong viser det seg at det er noko som kan lønne seg. Av erfaring blir ein klok. 

 

Men av og til vil ein så veldig gjerne, tar sjumilsteg, håpar at denne gongen skal det gå fint. Ofte med det resultatet at ein går seg tom nesten før ein har komme i gang. 

Roleg start, prøve seg fram, steg for steg - det kan lønne seg. Mestring, å greie noko - det er betre enn å ta sjumilsteg og ende opp med å ikkje greie det. Når ein ikkje greier det, kjem kjensla av nederlag.

Kjensle av mestring er alltid betre enn kjensle av nederlag! 🙂