23. jan, 2017

Ein liten siger i kvardagen.

Å ta ei avgjerd, tenke ut ei løysing, lage ein plan - utan å ha behov for at andre skal gje råd og veiledning. Det kjennes bra. Det er å ta ansvar for seg sjølv og sin eigen situasjon. Ei god kjensle av ny mestring. Ein liten siger i kvardagen.

Når eg så presenterer dette for andre som er involvert og dei er ingenting anna enn imøtekommande, så kjennes det enno betre. Det er fint å ha slike menneske å forholde seg til. Det gjer at vegen min vert litt mindre vanskeleg å ta seg fram på. Takk!