22. jan, 2017

Styrkeprøve. Igjen og igjen.

Eg skal prøve igjen. I morgon gjer eg eit nytt forsøk. Eg har lyst til det. Eg vil det. Eg vil så gjerne, fordi det er viktig for meg og fordi eg trives med det. Eg tenker av og til på kor mange gongar skal eg "prøve igjen"...? Eg tenker på det for min eigen del. Det er slitsomt å prøve, igjen og igjen. Og det er skuffande kvar gong eg har opplevd at det ikkje gjekk slik som eg ville. Eg tenker også på at det handler om meir enn berre meg dette her. Eg tenker at det kan vere slitsomt, om enn på ein anna måte, for andre enn berre meg.

Livet går ikkje berre rett fram. Det går opp og ned, det kjem brå svingar og det kjem vegkryss der ein må ta valg. Slik er det - for oss alle. Men - eg må vedgå at eg av og til tenker; "det får no vere måte på kor vanskeleg denne vegen min skal vere"....!🤭 "What doesn't kill us, makes us stronger." (hugsar ikkje opphavet til desse orda akkurat no). Joda. Det er mykje personleg vekst som styrkar oss når me jobbar oss gjennom vanskar og utfordringar på livsvegen. Men det er slitsomt òg. Det er ikkje slik at ein blir sterk sånn utan vidare. For å komme styrka ut av det, må ein gjere ein krevande jobb for å komme seg gjennom det og komme seg forbi det. Styrkeprøve etter styrkeprøve. Igjen og igjen.

Om vanskar og utfordringar ikkje direkte "kill us", så kan ein bli veldig sliten. Så sliten at den oppbygde styrken vert brukt opp? Det er vel ingen som har eit utømmeleg lager med energi og styrke?

Motgang kan gjere sterk. Motgang kan gjere sliten.

Eg skal gjere eit nytt forsøk, eg. I morgon skal eg prøve igjen. Eg har lyst til det. Eg vil det. Så eg gjer eit nytt forsøk.🙂