20. jan, 2017

Om du berre fokuserer på problemet, kan det hende at du ikkje ser den enkle løysinga.

Eg kom over dette biletet, som på ein morosam måte formidlar god visdom. For det er jo slik det er mange gongar. Når me møter problematiske utfordringar, kan me bli så fokusert og "opphengt" i kor vanskeleg dette er at me ikkje greier å sjå at det kan finnast ei enkel løysing. Når me møter problematiske utfordringar som me opplever er for store for oss, kjem jo dei negative tankane automatisk - automatiske negative tankar. Og har ein først komme inn på det sporet i tankane sine, genererer det berre fleire negative tankar. Til slutt kan ein bli så fanga på dette sporet, at ein "stirrer seg blind" på problemet. Ein har fokuset sitt på berre det, og ser ikkje noko anna.

Me kan møte ulike problematiske utfordringar. Det kan handle om det ein møter i seg sjølv, psykiske og mentale sperrer som gjer ein del ting i livet til problematiske utfordringar. Ein vert så fokusert og "opphengt" i at dette er så vanskeleg, dette kjem ein aldri til å komme seg forbi. Ein vikler seg heilt inn i alt det negative og "stirrer seg blind" på problemet. Det kan også vere slik når me møter heilt konkrete utfordringar. Det kan til dømes vere noko så banalt som å setje saman eit møbel frå IKEA. (smiler du litt no? 😉) Ein går i gang med friskt mot, og ofte utan å sjå skikkeleg på bruksanvisninga. Brått kjem ein til eit punkt der ingenting stemmer. Ein kan ikkje forstå at dette ikkje er riktig. Ein ser og ser på møbelet, og kan berre ikkje forstå kvar det gjekk gale. Ein vert "opphengt" i at ein ikkje forstår det, og greier ikkje å sleppe fokuset på at det ein var skråsikker på no brått ikkje stemmer. Med all fokus på det, kan ein ikkje sjå at det kanskje finnes ei enkel løysing....😉

Det er menneskeleg å setje seg fast i eit spor som hindrar ein i å komme vidare. Og difor er det både viktig og nødvendig at me er villige til å lytte til andre. Når me står fast i vårt eige fokus, kan det faktisk vere andre som ser noko heilt anna og som kan presentere ei løysing for oss. Det kan vere vanskeleg å erkjenne at andre ser ei løysing som me ikkje ser sjølv. For nokre kan det handle om at ein kjenner seg mindreverdig når andre kjem med forslag til ei anna løysing og det viser seg å fungere. Ein kan kjenne seg mindreverdig fordi ein ikkje fann ut av dette sjølv. Mange kan reagere med å "fare opp" i sinne når andre presenterer ei anna løysing. Det kan også handle om at ein kjenner seg mindreverdig. Men mange gongar trur eg at det handler like mykje om at den som kjem med råd og forslag til løysing, treff noko i oss. Det treff oss fordi me innerst inne veit at det den personen seier er riktig. Men det kan vere vanskeleg å erkjenne det.

Å stole på seg sjølv og gjere det ein sjølv meiner er rett, er viktig. Men me må også kunne lytte til andre og stole på andre. Og me må vere villige til å erkjenne. Me må vere villige og til å lytte til andre sine forslag, råd og meiningar. 

Å lytte til andre kan avverge negative reaksjonar, og kanskje til og med konfliktar.

Me skal stole på oss sjølv og gjere det me meiner er rett, men me må også vere opne for å lytte til og stole på andre.🙂