14. jan, 2017

Det er tid for å vedgå noko eg eigentleg har visst lenge.

Eg har tenkt tanken før, meir enn èin gong. Eg har har tenkt det fleire gongar. Dette er ikkje første gongen det er slik. Dette har eg opplevd fleire gongar. Men eg har ikkje vore villig til å vedgå det. No er eg klar. Eg er klar for å vedgå det og erkjenne det. Eg har fått fleire erfaringar på det, og eg ser at det er slik det er. Eg er klar for å vedgå og erkjenne.

 

 

 

Wenche sin plan for laurdag 14. januar: ein kviledag. La kroppen få litt ro og kvile. Høyre på musikk. Høyre på lydbok. Små gjeremål i heimen.

Eg meinte å ha grei kontroll på bekymringar og negative tankar.  Eg meinte at ein kviledag inne kunne vere bra. Det vart ikkje slik som eg hadde tenkt. Om kroppen kanskje hadde godt av å få kvile litt, så hadde ikkje den psykiske helsa godt av ein kviledag innandørs.. Dette er ikkje den første gongen eg opplever det. Eg merkar ein klar forskjell på sinnsstemningen. Kviledagar innandørs gjer meg veldig ofte meir tungsindig..... slik er det. Det kan eg berre erkjenne.Ja - eg meinte å ha kontroll over bekymringar og negative tankar. Eg hadde det...ei stund. Men ein kviledag innandørs gjer det mykje meir krevande å halde slike tankar under kontroll.  Eg har jo visst lenge at det er slik det er. Utandørs, på tur i skog og mark, eller gjere noko saman med andre - då er det så mykje anna som fangar merksemda. Bekymringar og negative tankar vert tvinga meir ned, dei får mindre merksemd. Der og då vert dei mindre viktige. Det veit eg. Eg meinte at eg var god nok på å halde bekymringar og negative tankar under kontroll, og at det skulle bli ein god kviledag.

Det vart ikkje slik. Så no i kveld, laurdag 14. januar 2017, vedgår og erkjenner eg; det beste for meg er å vere utandørs, helst litt kvar dag,  treffe andre menneske av og til, vere ute i naturen og røre litt på meg, gå tur. Det treng ikkje alltid vere lange og krevande turar, berre det er litt utetid. Helst kvar dag. Fordi eg har fått så mange erfaringar på at når eg er ute og går på tur i naturen, blir eg lettare til sinns. Og den sinnstemningen er med også når eg har komme heim igjen etter ein tur.

No har eg erkjent at det er slik det er. Neste steg er å faktisk gjere det også. Og det må eg ta ansvar for sjølv. Det er min veg, både mentalt og konkret. Slik er det!