5. jan, 2017

Når positiv innstilling og vilje ikkje er nok.

Skuffelsen - når det ein ønskte og håpa på ikkje gjekk så bra. Kjensle av nederlag, sjølv om ein veit at ein har gjort sitt beste ut i frå dei forutsetningane ein har. 

Når vilje og pågangsmot ikkje er nok. Når ei positiv innstilling ikkje er nok. Når bruk av kognitive teknikkar ikkje er nok - fordi kroppen seier i frå på ein tydeleg måte at dette greier den ikkje.....

Tankane kjem. Først kjem alle dei negative. Automatiske, negative tankar. Dei fortel med store bokstavar kor håplaust alt er. Etterkvart, når ein har fått jaga vekk desse tankane, kan ein tenke meir realisitisk. Ein kan sjå på situasjonen med eit meir rasjonelt og realistisk blikk. Ein finn kanskje ikkje fram til noko løysing der og då. Det er ikkje sikkert at det finnes ei enkel løysing. Eller så kan det vere slik at løysinga eigentleg er enkel, men den vil få så stor betydning for vegen vidare at det ikkje er enkelt å ta avgjersla om å gå for den løysinga. 

Skuffelse. Kjensle av nederlag. Automatiske, negative tankar. Det er naturleg at det kjem når noko ikkje blir som ein ønskjer og håpar på. Og det må vere lov å kjenne på det. Det må vere lov å vere i det - ei stund. Men ikkje bli der! Kjenn på det ei stund, jobb deg gjennom det, og finn tilbake til det som er realiteten. Du kan ikkje ta valg om vegen vidare basert på automatiske, negative tankar og "umiddelbare" kjensler fordi det ikkje vart som du ønskte. Du må ut av det og du må vite kva som er den faktiske realiteten i situasjonen før du kan begynne å vurdere deg fram til eit valg.