3. jan, 2017

Kvardagsliv - det er det beste.

Kvardagslivet er fint. Å vere i ein kvardag der ein trives, der ein får bruke ressursane sine og eigenskapane sine, der ein kan vere noko for andre, vite at det å vere der har betydning og verdi for andre - eit kvardagsliv som gjev meining, både for ein sjølv og andre, eit kvardagsliv der ein får vere ein del av eit fellesskap - for meg har det stor verdi.

Eg trur at det er mange som kunne fått ta del i eit slikt kvardagsliv, dersom det er vilje til å tilrettelegge. Eg trur at det er mange som har ressursar og eigenskapar som dei kunne fått bruke, dersom det er vilje til tilrettelegging. Men har ein først hamna utanfor det kvardagslivet som dei fleste andre er i, er det så lett for å miste taket på dei ressursane og eigenskapane som kan ha betydning og verdi, både for ein sjølv og andre. Eg trur at det er mange som har noko å bidra med. Eg trur at mange ville hatt godt av å få vere i eit kvardagsliv der dei får hente fram ressursane og eigenskapane sine. Eg trur at mange ville oppdage den gleda det er å få vere i eit slikt kvardagsliv. Eg trur at mange har noko å bidra med, sjølv om dei kanskje må gjere ting litt annleis enn andre. Ingen er berre det me ser.

Å vere del av eit kvardagsliv der ein trives og får oppleve mestring - det syns eg er det beste.

Kvardagsliv er fint. Kvardagsliv - det er det beste.🙂