30. des, 2016

Utan store ord, men med håp om eit Godt nytt år!

Me nærmar oss slutten på året 2016. Mitt 2016 har vore krevande, men eg har også opplevd ny mestring og sigrar. 

Det har vore eit krevande år, fordi eg har møtt nye helseutfordringar. Nye helseutfordringar har gjort at eg ofte har opplevd å måtte kjempe meg gjennom dagane, vekene, månadane. Eg har måtte kjempa ekstra mykje for å nå ny mestring. Og eg har greidd å få nye sigrar. Det har vore frykteleg krevande, men eg har greidd å få ny mestring og sigrar på ein del område i livet mitt.

I starten av året, måtte eg ta ei viktig avgjerd. Eg valgte ein veg som eg kjente at eg hadde lyst til å gå. Det kjentes riktig for meg. Eg visste at vegen ville bli krevande. Men eg kjente meg klar til å ta den utfordringa. Det eg ikkje visste, var at det skulle komme nye helseutfordringar som gjorde det mykje meir vanskeleg enn det eg hadde sett for meg. 

Det er vel slik livet er... me kan ikkje vere førebudd på alt. Endringar vil hende. Det vil komme endringar som er utanfor vår kontroll. Det kan vere endringar i helsetilstand. Det kan vere samlivsbrudd. Det kan vere dødsfall i familien eller andre nære relasjonar. Det kan vere å miste jobben. Me kan ikkje vere førebudd på alt. Endringar utanfor vår kontroll vil hende. Det vil hende mange gongar i løpet av livet. Fordi slik er livet. Ein del av livet er hendingar som berre kjem, utanfor vår kontroll.

Me kan like det, eller ei, men når det kjem slike endringar, er det opp til oss sjølve korleis me vil møte dei. Dei uforutsette endringane som hender i mitt liv, har eg ansvar for å møte. Det er eg som ta valg om korleis eg skal ta hand om dei. Eg må ta valg, og eg må handle ut i frå det valget. Når uforutsette endringar hender i ditt liv, er det du som har ansvar for kva du vil gjere med det. Men eg trur at ingen av oss er laga slik at me greier alt åleine. Me treng støtte og hjelp av og til. Og det er greitt å be om hjelp når livet kan kjennast for stort. Å be om hjelp handler ikkje om at ein er svak. Å be om hjelp når livet vert tungt å ta hand om, handler om å ta seg sjølv på alvor. Det handler om å ta vare på seg sjølv, vere snill med seg sjølv. Og det er absolutt lov! Det er veldig lov å vere snill med seg sjølv. Det har ingenting med egoisme å gjere. Når du tar vare på deg sjølv og er snill med deg sjølv, kan du også vere noko for andre. Då kan du vere snill med menneska rundt deg.

Dersom eg skal ytre eit generelt ønskje for året 2017, er det at me må vere snille med kvarandre. Me må vere snille med oss sjølv, slik at me også kan vere snille med andre. Me må ta vare på oss sjølv, slik at me også kan ta vare på andre. Me må starte med å sjå etter det gode, og ikkje vere så opptekne av feil og manglar. Sjå etter det gode og vere snille med kvarandre.Kul

På det personlege planet, føler eg ikkje for å bruke dei store orda om kva året 2017 skal vere for meg, då nokre av helseplagene mine framleis er uavklarte. Det er ikkje eit uttrykk for pessimisme. Slik eg ser det, handler det om å vere realistisk. Eg kjenner meg sjølv og eg kjenner korleis kroppslege plager påverkar meg. Eg er ikkje pessimistisk. Eg er nøktern og realistisk.Vinker

Men når det er sagt; eg går inn i det nye året med eit forsiktig håp. Eg vil halde fast på det. Eg skal halde fast på håpet. LikerEg vil ikkje bruke store ord, men har eit forsiktig håp om eit Godt nytt år.Kul 

Og det same til deg som les dette; eg håpar du får eit Godt nytt år!Kul