29. des, 2016

Legemiddel - verknad mot biverknad?

Ein kan nok seie mykje om legemiddelindustrien og om bruk av legemiddel.

For meg er det slik at i den eine enden, kan eit legemiddel har vore ein medvirkande årsak til at eg har fått ein depresjonsdiagnose. Eg vil understreke ordet kan. Fordi dette er ikkje noko eg har fått påvist medisinsk. Eg veit berre på bakgrunn av det andre har fortalt meg, at i den tida eg hadde den første innleggelsen på psykiatrisk sjukehus så var det til dels store oppslag i media om akkurat dette legemiddelet sett i samanheng med depresjon. Og mange skal ha nådd fram med sakene sine om at legemiddelet var årsak til depresjon. Sjølv var eg for sjuk til å forholde meg til det og gripe fatt i det. Men igjen; eg understrekar at dette er eit *kan vere årsak til* i min situasjon.

Åra har gått, og med dei har det komme til andre helseplager. Og pr. i dag er det slik at legemiddel, bruk av medisin, er heilt nødvendig for meg for at eg skal fungere og vere i oppegåande tilstand. Legemiddel utgjer ein skilnad som *natt-og-dag* for meg slik som eg har det no. Slik er det berre, og eg har ikkje problem med at eg treng å bruke legemiddel som hjelp til å fungere i kvardagen. Slik er det for meg. Andre ser kanskje annleis på det, og det er greitt. Det er jo ikkje til å komme bort i frå at legemiddel har biverknader. Legemiddel er framstilt for å tilførast kroppen som ei hjelp når den vert utsett for sjukdom. Og når kroppen får tilført noko responderer den, på både godt og vondt. Det er mi enkle tolkning, då min kunnskap om medisin er tilnærma lik null. 

Men uansett; min situasjon pr. i dag er slik at eg ikkje kan sjå at eg kan greie meg utan legemiddel. Kanskje det vil endre seg med tida. Men no treng eg det, fordi verknaden av legemiddel er nødvendig, og heldigvis veg den tyngre enn biverknaden.